Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Arkitektur

Forsvarsbygg fremjar god arkitektur.

Alle prosjekt skal kjenneteiknast av høg arkitektonisk kvalitet - i bygg og anlegg, interiør, uterom og landskap. God arkitektonisk standard skaper høg bruksverdi og areal- og kostnadseffektive bygg og anlegg for Forsvaret.

Vi har ansvaret for nokre av dei mest komplekse bygge- og anleggsprosjekta i landet. Frå radarinstallasjonar på aude fjelltopper, nye grensestasjonar og helikopterbasar til rehabilitering av festningane - Noregs kulturarv. Dette stiller høge krav til kunnskap innanfor mange fagfelt, deriblant arkitektur.

Eit gledeleg bevis på at vi fremjar god arkitektur er tildelinga av den prestisjefulle Houens fonds diplom i 2015 for nytt militært treningsanlegg på Haakonsvern orlogsstasjon utanfor Bergen.

Arkitektane som blir brukte, er valde ut gjennom offentlege konkurransar der ein legg vekt på dokumentert kompetanse og evne til å oppnå forventa kvalitet. Forsvarsbygg sine prosjekt bidreg dermed til å oppnå staten sin visjon for arkitekturpolitikken:

"God arkitektur skal bidra til høy livskvalitet og gi attraktive, funksjonelle og universelt utformede byggverk og omgivelser. God arkitektur skal uttrykke felles kultur og identitet. Arkitekturen skal bidra til velferd, bærekraft og verdiskaping, og inspirere til å bevare og berike". (Frå arkitektur.nå - Norsk arkitekturpolitikk, Kultur- og kirkedepartementet, 2009).

 

Foto: Treningsanlegget på Haakonsvern. Torgeir Haugaard / Forsvaret

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.