Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Etikk og varsling i Forsvarsbygg

På arbeidsplassen vår ønskjer vi at kollegaer og leverandørar hjelp kvarandre med riktig framferd – det å kunne snakke med kvarandre om uønskte hendingar for å lære for framtida.

Vårt omdømme handlar om at den enkelte av oss utøver riktige haldningar i kvardagen. Etiske overtramp og feilvurderingar kan bryte ned den tillit omgjevnadene har til oss. Her hjelp dei etiske reglane våre tilsette, og samarbeidspartnarar, i å handle riktig.

Uønskt framferd skal rapporteras

Forsvarsbygg ønskjer at tilsette, og leverandørar skal varsle om handlingar som ser ut til å bryte med dei etiske retningslinjene. Hos oss skal leiarar støtte opp om dei som varslar, og kvar leiar i Forsvarsbygg pliktar å ta opp forhold han er gjord kjend med.

Rolla vår

Vi er ein forvaltningsetat som forvaltar dei statlege eigedommane som Forsvaret disponerer. Som ein del av staten må vi ha stor forståing for at vi forvaltar ressursane til fellesskapet. Dette krev at alle utviser eit godt skjønn og fagleg integritet i alle samanhengar. Det er avgjerande at Forsvaret og samfunnet elles har tillit til oss, og ser på oss som profesjonelle.

Eit grunnlag for gode vurderingar

Vår etiske rettleiing skal gi alle tilsette, og andre som representerer verksemda, eit grunnlag for å gjere gode vurderingar som fører fram til riktige avgjerder. Sjølvsagt skal vi følgje gjeldande lover og reglar. Samtidig er vi klar over at mistanke om regelbrot eller uetiske handlingar kan vere like skadelege for oss som eit direkte brot.

Å kjenne retningslinjene

Det er viktig at alle gjer seg kjend med våre etiske retningslinjer. Det gjeld også samarbeidspartnarane våre.

Seriøsitet

Arbeidslivskriminalitet innebærer handlinger som bryter med norske lover om lønns- og arbeidsforhold, trygder, skatter og avgifter, gjerne utført organisert, som utnytter arbeidstakere eller virker konkurransevridende og undergraver samfunnsstrukturen.

Forsvarsbygg bidrar til å motvirke arbeidslivskriminalitet ved å stille seriøsitetskrav overfor leverandører og underleverandører. Kontraktene våre har blant annet krav til HMS-kort, pliktig medlemskap i StartBANK, faglærte håndverkere, lærlinger og krav til lønns- og arbeidsvilkår. Vi stiller krav til at våre leverandører har maksimalt to ledd med underleverandører, og at de viderefører våre seriøsitetskrav til sine underleverandører. Videre har vi krav til at bruk av enkeltpersonforetak og innleid arbeidskraft skal godkjennes av Forsvarsbygg.

Forsvarsbygg har inngått et samarbeid med Skatteetaten. I våre anskaffelser krever vi at leverandører og underleverandører som skal utføre arbeid for Forsvarsbygg skal levere fullmakt for utvidet skatteattest. Slik påser vi at våre leverandører betaler skatter og avgifter, som bidrar til et leverandørmarked der det konkurreres på like vilkår.

Slik varslar du

Alle kan varsle til Forsvarsbyggs varslingskanal ved å sende e-post: varsling@forsvarsbygg.no eller ved å ringe tlf. 480 56 908.

Du kan også bruke Forsvarsdepartementet sin varslingskanal, sende e-post til varslingskanal@fd.dep.no eller ringe tlf. 23 09 60 36.