Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Hjelmkollen fort

Eit militærhistorisk landskap med stor opplevingsverdi. Det er fantastisk utsikt mot Ringdalsfjorden og dei to Svinesundbruene.

Fortet blei anlagt 1902–1903 med to 12 cm kanonar, skyttargravstillingar, kaponierar, to bunkeranlegg og diverse bygningar med tilhøyrande batteriveg.

I fjellanlegget gjekk ein gjennomgåande gang forbi siderom for ammunisjonslagring og forlegning. Innarst var det ei trapp opp til kanonane.

Hjelmkollen var den eine av to fløyanlegg og høyrde under Fredriksten Festning. Til saman danna dei ei forsvarslinje langs innløpet til Iddefjorden.

Då fortet blei anlagt, var det ikkje noka bru over Svinesund, men fortet dekte den viktige overgangen ved Svinesund ferjestad.

Som følgje av Karlstadforhandlingane blei anlegget øydelagt i 1905, og kanonane blei fjerna og brukte andre stader. Tyskarane tok anlegget i bruk att under den andre verdskrigen.

Hjelkollen fort har stor militærhistorisk verdi som ein del av eit omfattande og viktig forsvarssystem mot Sverige.

Tilkomst

Tilkomst frå gamle E6 langs batterivegen forbi Blåsopp gård eller via skilta stig frå platået ved den gamle Svinesundbrua.

Kontakt

Smilende kvinne på vårt servicesenter med hodetelefoner med mikrifin

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.