Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Lihammeren

Fortet utgjorde det sørlege av to fort ved Ørje som skulle verne Noreg mot svenskane.

Lihammeren fort blei anlagt i 1902. På ei utsprengd hylle lengst aust stod to 6,5 mm Hotchkiss mitraljøser med ein tunnel på kvar side og to 10,5 cm og 7,5 cm kanonar med ammunisjonsnisjar på sidene.

Stillingane hadde batterigang med overdekkjande rom og utkikshòl mellom kanonane, ammunisjonsmagasin, dynamittskur, latrine og to brønnar på området, alt omgitt av piggtråd.

Som eit resultat av Karlstadsforhandlingane blei fortet øydelagt i 1905.

Søndre fort

Lihammeren utgjorde det sørlege av to fort ved Ørje og skulle verne mellomriksvegen frå Sverige med Ørje bru og vassdraget sørover mot Årnessundet.

Begge forta var ein del av den framtrekte linja som skulle stoppe svenskane ved ein eventuell væpna konflikt.

Saman med Ørjekollen fort gir Lihammeren ei instruktiv oppleving av forta slik dei ein gong var, og konsekvensane av demoleringa i 1905.

Tilkomst

Frå E18 ved Ørje sluser følgjer ein vegen cirka 1 km sørover i retning Damholtet.

Ta av Eikeliveien mot venstre og så til venstre igjen, inn i Festningsveien.

Kontakt

Smilende kvinne på vårt servicesenter med hodetelefoner med mikrifin

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.