Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Ørjekollen

Eit fort som viser konsekvensane av demoleringa i 1905.

Fortet blei anlagt i 1902 og er delvis nedsprengt i fjellet. Bak eit solid 90 cm høgt brystvern av fjell og betong stod fire kanonar – to 10,5 cm og to 7,5 cm – med ein batterigang imellom. Lengst aust stod to 6,5 mm Hotchkiss mitraljøser med eit overdekt rom og ammunisjonsnisjar på sidene. Kaserne og ammunisjonsmagasin var inni fjellet.

I området fanst verktøyskur, kolskur, latrine og to brønnar – alt omgitt av piggtråd.

Ved demoleringa av fortet i 1905 blei tunnelen gjenmura, kaponieren øydelagd og løpegraver og kanonstillingar fylte med steinmasse. Fortet er dei seinare åra rydda for demoleringsmasse og ført tilbake slik at kanonstillingar og løpegraver er synlege.

Ørjekollen utgjorde det nordre av dei to forta på Ørje. Fortet skulle dekkje området mellom riksvegen frå Sverige, med Ørje bru og vassdraget med Ørje sluser – som var sambandet til Rødnessjøen i nord og Haldenvassdraget lenger sør.

Ørjekollen fort gir saman med Lihammern ei instruktiv oppleving av forta slik dei ein gong var, og konsekvensane av demoleringa i 1905. Begge anlegga inngår i eit verneverdig militærhistorisk landskap.

Tilkomst

Det er merkt natur/kulturstig frå E18 ved Ørje sluser til fortet. Elles er det tilkomst gjennom Ørjetun, som ligg knapt 1 km sør for Ørje sluser og E18.

Det er moglegheit for parkering nedanfor fortet.

Kontakt

Smilende kvinne på vårt servicesenter med hodetelefoner med mikrifin

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.