Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Skorås søndre batteri

Batteriet er svært godt tilpassa terrenget og har festningskarakter med gode ammunisjonsrom og eit heilt overdekt mannskapsrom.

Batteriet som blei anlagt i 1902–1903, var bygt for fire 10,5 cm posisjonskanonar, kvar med seks manns betening. Bemanninga kunne vere 118 mann og cirka 104 hestar.

Batteriet er svært godt tilpassa terrenget og har festningskarakter med gode ammunisjonsrom og eit heilt overdekt mannskapsrom. Tre av dei fire standplassane for posisjonsskyts ligg godt framme i terrenget og høgare enn plassen elles.

Batteriet skulle samarbeide med Skorås nordre batteri og Langnes for å hindre ein overgang over Glomma mellom Mørkfoss og Fossum, med Onstadsund og jernbanebrua.

Batteriet har med si opphavlege form og sin historiske verdi stor militærhistorisk interesse.

Tilkomst

Tilkomst frå Kornsiloane i Spydeberg mot Hovin kirke, følg vegen til Skårudtoppen. Vegen er skilta vidare.

Kontakt

Smilende kvinne på vårt servicesenter med hodetelefoner med mikrifin

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.