Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Staåsbatteriet

Batteriet har ei forholdsvis lita utstrekning, men er kraftig oppbygt og i god stand.

Batteriet er anlagt i 1902–1903 på ei lita høgd ved Staåsgården.

Det har seks kanonstandplassar for 10,5 cm posisjonskanonar med store, djupe ammunisjonsnisjar ved kvar standplass. Bak standplassane ligg ei lita høgd med restar etter siktebordet.

Batteriet har front mot aust og ei skotvidd på åtte kilometer og skulle saman med Kjellåsbatteriet hindre ein fiendtleg overgang frå Glomma ved Grønsund. Batteriet skulle òg dekkje nordover langs Glomma.

Batteriet har visuell kontakt med Kjellsåsbatteriet og andre festningsverk i området.

Konstruksjonen til batteriet viser ein variasjon innanfor festningssystema og har stor militærhistorisk interesse.

Tilkomst

Frå rv. 115 er det skilta til Sundås, etter cirka 1100 m står det skilt til Staåsbatteriet.

Kontakt

Smilende kvinne på vårt servicesenter med hodetelefoner med mikrifin

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.