Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Vetaåsenbatteriet

Batteri med stor militærhistorisk interesse på grunn av plasseringa og den utmerkte tilstanden det er i.

Foto: Tommy Gildeseth / lokalhistoriewiki.no

 

Batteriet blei anlagt i 1902. Ein varde eller vete blei i riktig gammal tid tend for å varsle ufred, og batteriet har fått namnet sitt frå dette. Saman med Gyllerås- og Høyåsbatteria skulle Vetaåsenbatteriet råde over overgangen frå Solli og den store Rådesletta.

Batteriet er så godt som heilt intakt. Toppen her er eit ganske flatt platå, og batteriet ligg i sørenden med Vansjø ned til høgre.

Det enkle batteriet er bygt for fire kanonar, har opne standplassar med eit cirka 45 meter langt brystvern som er cirka 1 meter høgt. Bak brystvernet ligg fem nedsenka dekningsrom med ammunisjonsnisjar og steintrapp.

Batteriet var ein del av den tilbaketrekte linja mellom Råde og Moss. Siktelinjene er forholdsvis gode, og mot sørvest kan ein mellom anna sjå Råde kirke.

Verna batteriveg

Batterivegen som bind saman Vetaåsen med Gyllerås og Høyåsbatteriet, er ein viktig del av anlegget og gav moglegheit for rokkering av skyts mellom stillingane.

Vegen er meir enn 6 km lang og inkludert i verneplanen. Det er i dag ein flott turveg mellom anlegga.

Batteriet har stor militærhistorisk interesse på grunn av plasseringa si og den utmerkte tilstanden sin.

Tilkomst

Tilkomst til Vetaåsen batteri er merkt frå bussgarasjane ved Slangvold.

Kontakt

Smilende kvinne på vårt servicesenter med hodetelefoner med mikrifin

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.