Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Attersyn med eit omskapt Lahaugmoen

Når Forsvarsbygg avhendar ein tidlegare militærleir, knyt det seg ofte negative kjensler til det som er eit definitivt punktum for noko som har representert trygge og solide arbeidsplassar, skatteinntekter til ein vertskommune, og identiteten til ein plass. Slik var det kan hende og med Lahaugmoen og Skedsmo kommune.

Når ein tar av frå E6 ved Hvam, og køyrer mot den tidlegare militærleiren har mykje endra seg sidan Lahaugmoen skifta eigar en vakker haustdag i 2005. Lahaugmoen ligg ikkje lenger i Skedsmo, som no er ein del av Lillestrøm kommune. Og der det tidlegare sanitetsregimentet dreiv med sitt, fram til 2002, har det vakse fram ein næringspark med allsidig verksemd på den 287500 kvadratmeter store eigedomen.


Eg parkerer framom det gamle vaktbygget, som i dag vert nytta av vaktmeisteren frå eigedomsselskapet. For det var Anthon Eiendom AS som til slutt fekk tilslaget, etter at Forsvarsbygget la eigedommen ut til sals. Kan hende dåverande Skedsmo kommune sjølv vurderte å kjøpe eigedomen. Slik vart det ikkje.

Image "lahaug løv og vakt.jpg" without description

- Det var knytt ein del risiko til kjøpet, med omsyn til kva framtidig reguleringsplan ville gi av moglegheiter for framtidig utvikling. Samstundes så vi potensialet i eigedomen, som jo ligg nære Oslo og ikkje langt unna hovudflyplassen på Gardermoen som var etablert berre sju år tidlegare , fortel dagleg leiar i Anthon Eiendom, Peder Løvenskiold.


Den nye starten


For 85 millionar kronar fekk dei tilslaget. Dei vart eigarar den svære tomta med 43 ulike bygg, derav fleire med vernebestemmingar knytt til seg. Då reguleringsplana kom tre år seinare, inneheldt den fleire rekkefølgjebestemmingar. Dei nye eigarane måtte investere ytterlegare 100 millionar for å byggje infrastruktur, mellom anna nye vegar og rundkøyringar både i og utanfor eigedomen.
- Skedsmo var sånn sett ein krevjande planmyndigheit, og kan hende burde vi imøtegått nokre av rekkefølgjebestemmingane vi vart pålagde. Samstundes vil eg og seie at vi hadde eit konstruktivt tilhøve til kommunen. Ein kan vel seie at det vart læring med ein prislapp, seier Peder Løvenskiold, med eit skeivt smil.


Ein stad å bu, ein stad å jobbe


Fram til i dag har Anthon Eiendom brukt ytterlegare 0,5 milliardar på å utvikle sjølve næringsparken. Frå å vere ein av landets eldste militærleirar er Lahaugmoen omdanna til ein attraktiv næringspark. Det er utvikla meir enn 100.000 m² nye næringslokalar, i det alt vesentlege lager-, logistikk- og kombinasjonsbygg. Disse byggja er seinare seld til brukarane eller finansielle aktørar.

Image "Lahaug pendlerboliger.jpg" without description

I tillegg er det utvikla eit stort, moderne anlegg for pendlarbustadar. Totalt er det i løpet av dei siste åra skipa rundt 750 bueiningar i 15 permanente bygg. Bustadane leiges ut på lange kontraktar til entreprenørar og tenesteleverandørar – som også driv serviceverksemd i et eige kantine- og servicebygg. Belegget på pendlarbustadane ligg på om lag 85%.
Ein stad mellom 3-400 personar har i dag arbeidsplassen sin inne på Lahaugmoen næringspark.

- Til tross for ein noko tung start, har det samla sett vore eit godt prosjekt for oss, seier Løvenskiold.

Ute på synfaringa kjem det klart fram at mykje er endra i høve til det som var ein militærleir. Tidlegare forlegningar er transformert til innkvarteringshyblar, i tillegg til at nye og store hybelhus er oppført. Oslo brann- og redningsetat har kursverksemd og øver i eit tidlegare administrasjons- og undervisningsbygg. I det som var eit skulebygg finn du i dag produksjonslokala til ei gründerbedrift. Og fleire, for ikkje å seie enorme nybygg nyttast til logistikk og lager.
Dette som eit resultat av ein målmedveten kartlegging og utarbeiding av ei heilhetsplan for området.


Fortida ein del av identiteten


Men kva med omsynet til eigedomens «militære identitet» og historie? Vegnamna har framleis ein tydeleg militær valør, telthuset frå 1700-talet har slett ikkje forsvunne mellom nybygg, og andre gamle bygg synes å vere godt teke vare på.
- Ein vernar ikkje bygg ved å gjere dei til noko musealt. Dei må fylle ein funksjon. Historia til byggja, har og fysiske uttrykk som er fasinerande og vakre, gjev dei ein ekstra dimensjon som brukarane set stor pris på, seier Peder Løvenskiold.

Image "Lahaug vakta.jpg" without description

Og dei sjeldsynte flaggermusene som heldt til i eit gammalt grisefjøs i leiren? Eit sted i næringsparken står eit noko unseeleg og lite bygg - eit konkret uttrykk for ein av dei meir kuriøse, kompenserande tiltaka dei nye eigarane måtte etablere.
- Ingen har nokosinne sett ei einaste flaggermus der. Vi er truleg eigarar av landets einaste dedikerte flaggermushus, seier Peder Løvenskiold.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.