Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Bok om Militært treningsanlegg på Haakonsvern

I den nye boka om Militært treningsanlegg (MTA) på Haakonsvern får lesaren eit innblikk i det prispåskjøna arkitektoniske konseptet og korleis dette enda i eit fysisk ferdig bygg.

Arkitekt for MTA-prosjektet er Longva arkitekter AS.

Boka er den 17. i rekkja av bøker i arkitekturbokserien asBuilt som vert gjeve ut av Pax forlag. I kvar bok blir norske bygningar som har utmerkt seg innanfor moderne arkitektur, presentert. I gastronomien sin verd deler ein generøst oppskrifter med omverda. I same ånd, gjev asBuilt-bokserien omverda kunnskap om korleis arkitektoniske konsept har resultert i verkelege fysiske bygg. Bøkene vert publisert på engelsk og inneheld essay, fotografi og komplette teikningar om det aktuelle prosjektet.

Kva er «nøkternt»?
I essayet i MTA-boka drøftar professor i urbanisme ved Arkitektur- og designhøgskulen i Oslo, Karl Otto Ellefsen forståinga av omgrepet «nøkternt» og korleis arkitekten Knut Longva omsette dei tydelege krava frå Forsvarsbygg om at anlegget skulle vere nøkternt, funksjonelt og slitesterkt til moderne arkitektur. Ellefsen syner korleis Longva lukkast med at MTA-anlegget fekk den perfekte form/tilpassinga («the perfect fit») både til Forsvarsbygg sine krav og til dei fysiske omgjevnadane på staden. Boka er generøst illustrert med fotografi frå prosjektet.

Noregs fremste arkitekturutmerking
MTA-prosjektet har vorte heidra med fleire prisar og utmerkingar. I 2012 var prosjektet nominert og fekk heiderleg omtale i samband med Statens byggeskikkpris. I 2013 fekk prosjektet Forsvarsbyggs arkitekturpris, og i 2015 vart prosjektet påskjøna med Houens fonds diplom. Diplomet frå A. C. Houens fond er rekna som ei av Noregs fremste utmerkingar innan arkitektur og byggeskikk.

– Boka er som ein pris
– Med denne boka så har Forsvarsbygg fått enda en pris,  seier en stolt prosjektleiar Stig Wassdal og en ikkje minst like stolt prosjektsjef Bjørn Tore Rognstad.

Av andre Forsvarsbygg-prosjekt har Longva arkitektar mellom anna òg teikna helikopterbasen på Bardufoss som stod ferdig i 2016, samt alle dei seks basane for Noregs nye redningshelikopter (NAVSAHR – Norwegian All Weather Search And Rescue Helicopter).

«Train as you fight» MTA vart ferdigstilt i 2011 og er eit treningsanlegg som er designa etter mottoet «train as you fight». Det tyder at treningsanlegget ikkje berre er eit anlegg for breiddetrening, men òg er eit anlegg for som legg at opp til militære mannskap skal øva, trena og utvikla seg for å takla dei utfordringane dei kan møta i reelle militære kampsituasjonar. Sidan anlegget vert sett i drift i 2011, er talet på mengda besøkande sjudobla til samanlikning med det gamle treningsanlegget på Haakonsvern.

Les meir om boka på Pax.no

Kart

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.