Frå venstre: varaordførar i Stjørdal, Renate Bjørshold, Stine Fjærli Sjøthun, avd.direktør i Forsvarsbygg og oberst Christian Øverli, sjef Luftforsvarets skulesenter.
Kvart bygg skal ha overnattingsrom med bad – til saman 159 bueiningar for elevar ved skolesenteret. Forlegningsbygga er på ca. 2500 kvm, og har tre etasjar pluss kjellar. I tillegg til romma til elevane, skal det vere buer og fellesareal.
– Forsvaret skal vekse mykje i åra framover, og i langtidsplanen blir det lagt opp til at vi skal utdanne og rekruttere mange fleire inn til forsvarsteneste. Skal vi lykkast med det så må vi ta i eit krafttak for å utvide bustadkapasiteten, og skape gode buforhold for tilsette og elevar i Forsvaret. Byggeprosjektet på Værnes er eit viktig ledd i denne prosessen, som også vil bidra til å styrke Luftforsvaret, seier statssekretær i Forsvarsdepartementet Marte Gerhardsen (Ap).
Gjennomføringsoppdraget for heile prosjektet blei gitt med ei kostnadsramme på 940 millionar kroner. Dette inkluderer også eit skolebygg med hangar.
Forsvarsbygg skal sørge for at rett infrastruktur, eigedom, bygg og anlegg står klare, når Forsvaret aukar bemanninga si på Værnes.
– Investeringane vi skal gjere i bustad og kvarter på Værnes vil ytterlegare styrke Luftforsvaret - ved å bidra til å gi eit godt grunnlag for å rekruttere og behalde teknisk personell for ein livslang karriere i Luftforsvaret, seier avdelingsdirektør i Forsvarsbygg, Stine Fjærli Sjøthun.
Eigedom, bygg og anlegg er ein sentral innsatsfaktor for å bygge forsvarsevne og beredskap i Noreg. I langtidsplanen blir det lagt opp til ei kraftfull satsing på eigedom, bygg og anlegg. I praksis betyr det hurtig etablering av tilstrekkeleg antal bustader, kvarter og kasernar av god nok kvalitet.
Forsvarsbygg er den største eigedomsforvaltaren til staten. Forsvarsbygg forvaltar ca. 1,6 millionar dekar eigedom i form av naturområde, skyte– og øvingsfelt, flyplassar, basar og leirar. Det er i overkant av 4,16 millionar kvadratmeter bygg, og ca. 12 900 bygg og anlegg, inkludert kaianlegg, vegar og flyplassar.