Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Forsvarsbygg sel 160 forsvarsbustadar

Om lag 160 forsvarsbustadar skal seljast av di Forsvaret ikkje har behov for dei. Dei fleste som skal seljast, om lag 80, ligg på det sentrale Austlandet, medan 31 bustadar er lokalisert i Bodø.

Det skal og seljast bustadar i Bergen, Trondheim, Rygge, Hamar og Elverum. Om lag hundre av dei er fire-roms eller større. Forsvarsbygg planlegg å starte salet i slutten av inneverande år. Estimert brutto inntekt er ca. kr 450 millionar kroner. Det er første gang sidan 2016 at Forsvarsstaben har gitt Forsvarsbygg i oppdrag å avhende ei så vidt stort mengde bustadar.


Leiar for bustadar og kvarter i Forsvarsbygg, Cecile Jentoft seier ho har forståing for at det kan synes paradoksalt at det skal seljast forsvarsbustadar, i ei tid kor Forsvaret er i ein oppbyggingsfase. Det er like vel slik at bustadane som skal seljast ikkje svarar til Forsvarets behov. Årsakene har å gjere med plassering, tilstandsgrad og storleik.

Nokre av bustadane må både tomtedelast og bli seksjonert før dei kan seljast. Salsperioden vil difor vare ved i om lag tre år. I nokre av bustadane bur det i dag forsvarstilsette. Dei vil ha forkjøpsrett, til takst. Vertskommunane vil ha ein generell forkjøpsrett på de tomme bustadane.

- Vi har allereie fått førespurnader frå fleire kommunar som er interessert i å komme i posisjon for å kjøpe, og da med formål å kunne busette flyktningar. På denne måten er vi med på å oppfylle statens målsettingar på dette området, opplyser Trond Eliassen, avhendingssjef hjå Forsvarsbygg.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.