Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Forsvarsevna auka på flystasjonen

Luftvingsjef Helge Rasmussen takka Forsvarsbygg for auka forsvarsevne på Bardufoss flystasjon.

Dette er julaftan for oss i Luftvingen og den nye brannstasjonen er den beste julegåva vi kunne ha fått, sa sjef for Luftving 139, Helge Rasmussen, under den offisielle markeringa av den nye brannstasjonen på Bardufoss.

Flystasjonen leverer med kvalitetskrav frå EU

Rasmussen trekte fram at no leverer flystasjonen kvalitetskrava sett av EU for brann, beredskap og plassteneste. Kvalitetskrava som kallast EASA reglementet, standardiserer prosedyrar for flyplassar, og trer i kraft frå 1. januar 2018.

– No skal den gamle brannstasjonen rivast for å auka tryggleiken, og vi skal kjenna på stoltheten ved denne nye brannstasjonen. Dette er ein milepæl for alle på flystasjonen, sa Rasmussen.

Auka tryggleik

Stig Mikkelsen som er sjef for BRP, Brann, redning og plasstenesta, seier at no er alle HMS-pålegga lukka med nye stasjonen.  – Her er det godt skilje mellom skitten og rein sone, og dette aukar tryggleiken og ivaretar helsa for dei som jobbar her. Det er vi i dag svært takknemleg for.

Mikkelsen understreka òg at brannstasjonen leverer teneste til både den sivile og militære verksemda, og inngår i beredskapen til Målselv kommune.

Styrka forsvarsevne på Bardufoss

– Vi set pris på at Forsvaret seier at vi har levert forsvarsevne på Bardufoss. Det er det oppdraget til forsvarsbygg er, å levera forsvarsevne kvar dag, sa Dali Stensrød Juuhl, fung. avdelingsdirektør i Forsvarsbygg. Forsvarsbygg har ferdigstilt eit bygg til 149 millionar kroner, inkl. mva. Brannstasjonen til brann- rednings- og plass (BRP)-tenesta ved Bardufoss flystasjon er på ca. 2.300 m2 BTA og bygget i 2 etasjar. Bygget inneheld m.a. vogn- og vaskehaller, verkstader, lagar, kontor og møterom med tilhøyrande innredning. I tillegg omfattar prosjektet oppstillingsplassar for køyretøy, vegar, vatn og avløp, el- og teleteknisk anlegg og fjernvarme.

Bygget er oppførd slik at ein kan bruka vernepliktige saman med dei sivilt tilsette. Brannstasjonen ligg nærare hovudkvarteret til Luftvingen, og ein slepp no å køyra inn på flystripa med køyretøy, dvs. kryssa indre gjerda.

Bilete: 1. Helge Rasmussen, sjef 139 Luftving. 2. Brannstasjonen på Bardufoss er offisielt opna og teke i bruk av BRP på flystasjonen. (Brann-, redning- og plasstenesta). Føre: Stig Mikkelsen sjef BRP og Dali Stensrød Juuhl, fung. avd. direktør Forsvarsbygg. Bak. Sjef baseskvadronen Lars Hjerpested i Luftvingen, Ivar Granheim, nestleiar for BRP, Nils Ole Foshaug, ordførar i Målselv kommune og Eivind Olsen, dagleg leiar Storegga entreprenør AS.

Bardufoss

fakta

PROSJEKTADMINISTRASJON

Oppdragsgiver: Forsvarsdepartementet

Byggherre: Forsvarsbygg

Eiendomsforvalter: Forsvarsbygg

Brukar: Luftforsvaret v/139 Luftving Bardufoss

Prosjektleiarar: Stig Ole Nordås, Kjell Heitmann, Tor Arne Fagerheim

Prosjektleiarar innredning: Hallvar Rochmann, Eva Husby Ingebrigtsen

Byggjeleiing: Sweco AS

 

BYGGFAKTUM

Areal: 2350 m2 Ferdig: 2017

Prosjektkostnad: 139 MNOK

Energiklasse: B

 

INNREDNING, PROSJEKTET OG LEVERANDØRAR

Innredning av m.a. vogn- og vaskehaller, verkstader, lagar, hvilerom, treningsrom, kontor og møterom.

Prosjektkostnad: 10 MNOK

Rammeavtaleleverandørar: Kinnarps, Brammar, Elkjøp, Norrøna, Storhusholdning, Gym2000, Sverre Monsen, Tress, Waterlogi,c Lyreco, Atea, Viju

 

KORO Kunstnar: Thorbjørn Sørensen

 

PROSJEKTERANDE

Arkitekt: Borealis Arkitektar AS

Landskapsarkitekt: Borealis Arkitektar AS

Prosjekteringsgruppeleder: Tor Emil Pedersen

Tekniske rådgjevar (bygg, VVS, EL og brann): COWI AS

 

ENTREPRENØRAR

Generalentreprenør: Storegga Entreprenør AS, Målselv

Grunnentreprenør: TP Maskin AS, Målselv

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.