Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

God trafikkavvkling på Bardufoss

Ei stor ny rundkjøring sørgjer for at trafikken mellom E6 og militærleirane på Bardufoss og i Heggelia no flyt på ein sikker og kontrollert måte.

Den store utbygginga i Bardufoss leir dei siste åra hadde medført til stor trafikkbelastning i krysset i Heggelia. Krysset hadde avkjøring inn til to militærleirar, eit kapell, kino og bibliotek og dessutan eit stort bustadsområde. Dette gjorde at Målselv kommune og Statens Vegvesen stilte krav til Forsvarsbygg om utbedring av krysset før vidare utbygging inne på leirområdet i Rusta. 

Sidan dette òg vil gje ei generell oppgradering av E6 i Heggelia-området vart det inngått ein avtale om kostnadsdeling mellom Forsvarsbygg og Statens vegvesen, der Statens Vegvesen dekker 40% av kostnadene knytte til arbeida som rører E6 .

God trafikkavvikling

- Vi har i dette prosjektet jobba i nært samarbeid med Statens Vegvesen og Målselv kommune om god avvikling av trafikken i det som var eit vanskeleg vegkryss. Her ivaretas no den militære trafikken med tunge køyretøy, busstopp og avkjøringer til bustader og næringsverksemd på ein sikker måte, fortel Knut Helge Grimstad, prosjektleiar i Forsvarsbygg. 

Dialog med naboar

I anleggsperioden frå november 2017 til september 2018 har det i periodar vore behov for ein viss omlegging av trafikken. Trafikken på E6 har vore lysregulert i perioden juni-august.    

- Vi har vore i tett dialog med Sparbutikken og Circle K, då dei har vore noko rørt av trafikkavviklinga. Dei har vore imøtekommande og tålmodige medan det har stått på som verst, seier Grimstad.

Om prosjektet

PROSJEKTADMINISTRASJON

Oppdragsgiver: Forsvarsdepartementet, i samarbeid med Samferdselsdepartementet

Byggherre: Forsvarsbygg
Prosjektleiar: Knut Helge Grimstad
Byggjeleiing: SWECO Noreg AS

ENTREPRENØRAR

Målselv Maskin & Transport AS: Kontraktssum 27,5 mill. kr. Inkl mva.

OM PROSJEKTET

  • Bygging av 350 meter ny E6 (miljøgate) inkl. nytt vegkryss i form av rundkjøring
  • Bygging av nytt overvassanlegg
  • Fornying av kommunal hovedvannledning gjennom anleggsområdet
  • Omlegginger og fornying av høyspent- og telekablar i området, m.a. legging av ca. 6500m trekkrøyr i diverse dimensjonar.
  • Fornying av veglysanlegget
  • Bygging av ny adkomstvei og port til Heggelia leir
  • Etablering av nytt grøntanlegg mellom rundkjøringa og kapellet, inkl. parkeringsplass.
  • Ferdig: 2018
  • Prosjektkostnad: 41 MNOK

PROSJEKTERANDE

Asplan Viak, med bistand frå Statens Vegvesen.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.