Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Harstad: Digital varsling i Sørlia skyte- og øvingsfelt

Det er sett opp nye digitale varslingsmaster rundt feltet i Sørlia i Harstad. Offentligheita blirsikra med god og synleg informasjon i all slags vêr når Forsvaret har skarpskyting i feltet. Varslinga blir aktivert og blir kontrollert via ein app.

Varslinga er eit samarbeid med Forsvaret og ein lokal leverandør, og det er starta ein fullskala testing av systemet. Testinga vil gi svar på eventuelle justeringar av løysinga, for ein mest mogleg effektiv varsling i feltet. Tida med den gamle varslinga med rød blåsa som blir heisa i ei flaggstong, er over i Sørlia skyte- og øvingsfelt.

Forsvaret er vel nøgd med dette unike tiltaket
- Varslinga er effektiv og vi sparer mykje tid og mannskap. Før måtte vi til fots eller på snøscooter til kvar mast rundt heile feltet for å heisa blåsane. No kan varslingsmastene aktiverast frå kontoret via ein app på mobilen, seier skytefeltoffiser Mats Brodtkorb ved skytefeltadministrasjonen på Trondenes. Løysinga har òg vorte presentert for alle Forsvarsbyggs skytefeltansvarlege i heile landet. 
- Vi har allereie fått førespurnad frå Porsanger i Finnmark om lån av ei mast hjå oss for testing i Halkavarre, seier Eigil Høgmo, leiar for skyte- og øvingsfelta i region Hålogaland.

Varslingssystemet er prototyp og utvikla på Trondenes
Teknologien har vore der lenge. Det har handla om å setja dei ulike tekniske løysingane saman slik at dei tener behova. Løysinga og monteringsarbeidet av varslingsmastene er eit resultat av eit tett samarbeid mellom Forsvaret, Forsvarsbygg og ein lokal leverandør. Dei nyttar både solceller og ein vindturbin for å sikre nok straum til drift av varsellysa. Aktivering, og deaktivering av lyset i mastene, skjer via ein app som skytefeltoffiseren betener.

Rød blink lyser opp og er godt synleg
Lyset har eit raudt, skarpt lyssignal og synast på god avstand. Eit raudt blinkande lys fangar større merksemd enn ei raud blåse på ei stang.
- Dei som ferdast i området, enten det er på sommar eller vinter, blir no varsla på ein langt meir sikker måte når det er skarpskyting i feltet, fortel Eigil Høgmo.

Informasjonsskilt sat opp
I samband med denne nye endringa om digital varsling, er det sett opp nye info-skilt i tilknyting til dei nye mastene og typiske ferdselsvegar inn i skytefeltet. Dette er viktig informasjon om korleis folk skal te seg når det er skarpskyting. 

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.