Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Historisk bygg til gardistane

Gardistane på Terningmoen flyttar inn i eit moderne undervisningsbygg med militærhistoriske røter frå 1800-talet

Elverum og Terningmoen leir har ei spesiell tyding for HMK Garden, mellom anna deltok gardistar under kampane på Midtskogen. 

Gardistane held stolt opp eit bilde av krigshelten Fredrik Seeberg. Gardisten som i si tid vart alvorleg såra under kampane rett sør for leiren. Klasserommet i undervisningsbygget er oppkalla etter han.

-Dette har vorte veldig bra, og vi gleder oss til å ta dette i bruk. Det er trongt på Terningmoen, og dette er derfor etterlengtet, uttalte ein fornøgd Sjef Gardeskolen, major Johan Wilhelm Collett.  Sjefssersjant for HMK Garde, Øyvind Skoglund, var òg til stades på overtagelsen av bygget i førre veke.

Byggar og driftar
Regionsjef Ole Anders Spikkerud i Forsvarsbygg helste forsamlinga:

-Det er gledeleg at vi får ny militærverksemd inn i bygg med ei lang militærhistorie, og det er godt å høyra at dette er ein viktig kapasitet for dykk. Vi bygger og driftar for dykk, og skal gjera vårt for at HMK Garde skal vera fornøgd. De skal bekymra dykk minst mogleg for bygg og anlegg og konsentrera dykk om å utdanna gardistane i framtida.

Ein fornøgd prosjektleiar Eivind Kolaas takka òg Forsvaret og Garden, og dessutan entreprenøren T.h Johansen & Sønner As for godt samarbeid og tett dialog heile vegen.   

- Dette har vorte veldig bra, vi håper de vil trivast her, sa han.

Bygg med lange militærhistoriske røter
Dei opphavlege mannskapsforlegningane på Terningmoen, kor det eine no har vorte undervisningsbygg, vart bygd i 1885 og bestod opphavleg av 12 identiske bygningar. Opp gjennom åra har bygningane vorte endra for å dekka ulike behov som kontor, undervisning og forlegning.

Tar vare på historia
Forsvarsbygg har no komme langt med å attskapa ei einskapleg utforming på desse bygga, og eit unikt leirmiljø med røter heilt tilbake til 1800-talet. Til saman 8 av totalt 11 bygg har sålangt  gjennomgått renovering, utdjupar prosjektleiar Kolaas i Forsvarsbygg. Til sommaren blir endå overlevert eit rehabilitert bygg, denne gongen eit kontorbygg.

Han fortset:

Forsvarsbyggs eigne kulturminneekspertar har sørgt for at bygga er attskapt slik dei var på 30-talet,synleg til dømes på fasade, vindauge og dører, og måla i Staverngul med linoljemåling, men då naturlegvis med moderne standard.

Forsvaret har i dag fått eit moderne undervisningsbygg, samtidig med at vi har tatt vare på og fått fram historia, avsluttar han.

Beliggenhet

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.