Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Innløysinga på Ørland til vegs ende

Utbygginga av Ørland flystasjon til hovudbase for nye kampfly fører til at fleire blir råka av støy. Forsvarsbygg tilbaud innløysing til alle 176 bustader i raud støysone. Tilbodet om innløysing er ein frivillig prosess. Av disse er 152 bustader innløyst, og 23 bustader har teke i mot støytiltak.

Ein bustadeigar har ikkje akseptert innløysingstilbodet og har heller ikkje akseptert tilbodet om støytiltak. Forsvarsbyggs tiltaksplikt i andsynes reguleringsføresegnene blir med det sett på som oppfylt. Det var i 2017 at Forsvarsbygg slo fast at det ville gje alle bustadeigarane tilbod om innløysing, alternativt støytiltak dersom dei ynskja å halde fram med å bu innafor raud støysone.

Omsyn til bebuarane
Det har vore ein krevjande prosess over fleire år, der Forsvarsbygg har lagt stor vekt på omsyn til bebuarane i området sine interesser. Forsvarsbygg har mellom anna betalt advokatutgiftene til dei einskilde bustadeigarane i samband med forhandlingane dei har hatt med Forsvarsbygg.

Eit godt utgangspunkt vidare utvikling
Prosjektsjef hjå Forsvarsbygg, Carl Oscar Pedersen er nøgd med at ein har kome i mål med det som har vært eit av dei største prosjekta i Noreg i sitt slag.
- Hjå Forsvarsbygg har dette vært eit lagarbeid der mine kollegaer har jobba hardt i ei årrekkje, for at vi og bustadeigarane skulle komme til semje om løysingar båe partar kunne leve med. Avklaringa som ligg i det gjev kommunen og ørlendingane eit godt utgangspunkt for å halde fram med den gode utviklinga av lokalsamfunnet, og som vertskommune for Ørland flystasjon.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.