Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Jamnast med jorda til jul

Tre store gravemaskinar har dei siste vekene gått laus på det nær 60 år gamle depotbygget på Haakonsvern. – Her vert det flat tomt til jul, seier prosjektleiar i Forsvarsbygg, Bjarne Mathiassen.

Forsvarsdepartementet har gjeve Forsvarsbygg i oppdrag å riva depotbygget på Haakonsvern orlogsstasjon. Depotbygget var på ca. 3600 kvadratmeter og har i ein mannsalder vore administrasjonsbygg, bibliotek og kledelager for Forsvaret.  

Heislaust problembygg
Det er nokre tusen marinegastar som har henta uniformene sine her på lagera til Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO) gjennom åra. Men det heislause bygget på fire etasjar, har lengje vore eit problembygg i forhold til HMS-krava vi har til kontorarbeidsplassar i dag.

Sjuke tilsette
Dårleg inneklima har vore eit gjentakande problem for dei om lag hundre FLO-tilsette som heldt til her. Fleire tilsette blei sjuke av å jobbe i bygninga. FLO kunne ikkje lenger etterleve sine HMS-forpliktingar. Noko måtte gjerast. Ei grundig teknisk undersøking av depotbygget vart utført, og konklusjonen var tydeleg. Bygget var i dårleg stand og det var ikkje egna for vidare oppdatering. Stortinget vedtok difor i 2013 at eit nytt administrasjonsbygg skulle byggast.

Visund
På nyåret i 2016 var ventetida endeleg over for dei tilsette i depotbygget. Då stod administrasjonsbygninga Visund ferdig på nabotomta. Dei tilsette kunne flytte ut av depotbygget og inn i dei moderne og komfortable kontorlokalane i Visund. Visund er for tida Noregs mest energieffektive kontorbygg med eit energiforbruk på 16 kilowattimar pr. kvadrameter pr. år.

Mykje asbest
Før Forsvarsbygg kunne sette i gang rivinga av depotbygget, gjennomførte Norconsult ein kartlegging av helse- og miljøfarlege stoffer i bygninga. Kartlegginga avdekka store mengder bygningsdelar som inneheldt helse- og miljøfarlege stoff. Bygninga vart bygt i ei tid då asbesthaldige byggematerialar var svært vanleg.
– Blant anna fann vi asbest i 14 betongsøyler i 1. etasje og i fasadeplatene. Totalt 310 vindauge og store mengder golvbelegg inneheldt klorparafinar. Vi har også funne ftalater, bromerte flammehemmarar, samt små mengder kvikksølv, seier Mathiassen. Kartlegginga blei utført av Norconsult.

Miljøsanering
Saneringa av dei helse- og miljøfarlege stoffa vert no tatt hand om etter regelverket.
– Stoffa i bygningsdelane blir skilt ut og sortert. Dei miljøfarlege stoffa vert sanert etter boka. Den forureina betongen vert levert til godkjent deponi, seier Mathiassen.

6,5 millionar
– Tomta klargjørast no for framtida. Det er ikkje avklart kva tomta skal nyttast til enno. Det blir i alle fall flat tomt til jul, seier Mathiassen.

Veidekke utfører riveoppdraget på vegne av Forsvarsbygg. Kostnadsramma for prosjektet er på 6,5 millionar kroner.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.