Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Kraft til ubåtar!

Batterifabrikk reiser seg på Skoppum ved Horten.

Forsvarsbygg har kontrakt med Hjertnes Eiendom om oppføring og leige av eit bygg for produksjon av batteri til ULA-klassen ubåtar. Batterifabrikken blir bygd på Skoppum, rett utanfor Horten. Der er det no hektisk byggjeaktivitet. Før sumaren markerte ein at bygget, som Forsvarets logistikkorganisasjon skal ta over før jul, no har fått taket på plass.

-Forsvarsbygg er ikkje byggherre slik vi vanlegvis er, men vi skal likevel naturlegvis sørgje for at Forsvaret sine behov blir dekte, og følgjer derfor opp under heile byggjeperioden, uttaler eigedomssjef Frode Hansen i Forsvarsbygg. Entreprenøren er Cosmic Bygg AS. Leigekontrakten med Hjertnes Eiendom er på 10 år.

-Batterifabrikken blir ein viktig kapasitet for Forsvaret og ubåtane deira, og er eit godt eksempel på korleis vi byggjer forsvarsevne. Vi er i den samanhengen glade for det gode samarbeidet med FLO Vedlikehold- Horten, Hjertnes Eiendom og entreprenøren Cosmic Bygg, fortel Hansen vidare. Det som blir bygd, er eit stort, fleksibelt bygg med opne flater, godt tilpassa behova Forsvaret har.

På batterifabrikken vil ein produsere batteri frå A til Å. Alt frå dei ulike komponentane i batteria til ferdig batteri vil bli gjort i bygget. Når det gjeld miljø, blir alt gjort i eit lukka system, som sørgjer for null utslepp til miljøet.

Oppstart var i februar 2017, og bygget skal stå ferdig i desember 2017.

BILETE:
Frå venste: Eigedomssjef Frode Hansen i Forsvarsbygg og sjef FLO Horten, Jon Arild Andreassen

UBÅT: ULA-klassen ubåt. Foto: Torgeir Haugaard, Forsvaret

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.