Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Møvik fort får nytt besøkssenter

Fortet i Kristiansand får endeleg eit eigna besøksbygg, som også skal nyttast av dei tilsette.

Møvik fort eit av dei mest betydelege kulturminna som Forsvarsbygg er så heldige å ha i portefølja si. Fortet har lenge slite med elendige fasilitetar for ein stadig aukande besøksmasse. Til dømes finst det eitt toalett, som atpåtill er frå den andre verdskrigen, å tilby turistane som vitjar fortet.

Første spadestikk og klar for anleggsstart

Det var ein gledas dag tysdag 19. januar, då Arild Andersen, leiar ved Kristiansand kanonmuseum, kunne ta det første, symboltunge spadestikket for det nye besøkssenteret ved fortet. Det skjedde med representantar for Kristiansand kommune, Agder fylkeskommune, Vestagdermuseet, entreprenør og Forsvarsbygg til stades.

Regionalt spleiselag gjennomført

Med Vestagdermuseet og Kristiansand kanonmuseum som drivande krefter, har Forsvarsbygg og Riksantikvaren over fleire år tilrettelagt for prosjektet. Behovet for ein ny bygning har vore skrikande i lang tid, og med eit finansielt spleiselag beståande av regionale sparebankstiftingar, Kristiansand kommune, Vestagdermuseet med fleire, blir det no ein realitet.

Forsvarsbygg har bidratt med fagkompetanse på kulturminnevern

Ein føresetnad har vore at bygningen ikkje skal kosta Forsvarsbygg ei krone, og det gjer ho heller ikkje. Forsvarsbyggs bidrag ligg i at region Vest har stilla tomta til disposisjon. Vidare har kulturminneavdelinga ordna med smidig kontakt andsynes Riksantikvaren og fylkeskommunen for å lose prosjektet i hamn.
Bygningen er teikna av Basis arkitekter AS, Kristiansand, i tett samspel med kulturminneavdelingens Felix Nyberg.
Ein har lagt vekt på å utforme eit diskret, men likevel distinkt volum som underordnar seg ein av hovudattraksjonane til fortet, kanonbunkeren frå den andre verdskrigen og som husar ein av dei største kanonane i verda på land. Tilsvarande finst elles berre på Forsvarsbygg-forta Austrått (Ørland) og Trondenes (Harstad) i heile Europa.

Fortet får no fullverdige fasilitetar

Møvik fort, som er freda i sin heilskap, blir i dag forvalta av Forsvarsbygg. Det som gjer etablissementet særleg interessant er naturlegvis den enorme kanonen som står i den opphavelege stillinga si og dessutan den ikoniske kasematten like ved. Med sterk støtte frå dåverande Forsvarsbygg, Nasjonale festningsverk, vart ammunisjonsjernbanen til fortet reetablert i 2017. Med nytt besøkssenter på plass allereie no til sommaren, vil Møvik fort ha fullkomne fasilitetar å tilby sine stadig fleire gjester.

Det nye byggverket får ei grunnflate på 260 m² og skal innehalde alt kva som manglar på fortet i dag. God toalettkapasitet, sal- og tilhaldsområde, moderne kontor og seminarrom.

Møvik fort

Møvik fort vart anlagt frå 1941 til 1944 av den tyske marinen. Dei tre kanonane Austrått fort, Møvik fort og Trondenes fort er ein vesentleg del av forsvarslinja av den tyske okkupasjonsmakta mot vest. I tillegg til museumsverksemd blir det grøne og frodige området brukt til rekreasjon og friluftsliv

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.