Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Nasjonal rammeavtale om miljøkompetanse

Multiconsult er tildelt ein nasjonal rammeavtale med Forsvarsbygg om tiltak knytt til forureina grunn, miljøkartlegging av bygg/anlegg og prosjektering av andre miljøtiltak. Verdien på avtalen er 65 millionar kroner.

Bildetekst: - Rammeavtalen sikrar at Forsvarsbygg får tilgang på eksternt kompetanse frå eit erfarent team til å løyse eit svært breitt spekter av oppgåver, seier prosjektleiar miljø i Forsvarsbygg, Vegard Løkstad. Bildet viser ein bunker som blir rive i tidlegare Hjerkinn skytefelt og der alt bygg avfall vart sorterte, uttransportert og levert på godkjent mottak. Bilde: Forsvarsbygg

- Strategiske prosjekt i tilknyting til mellom anna Evenes, Finnmark landsforsvar og nye ubåtar er avhengige av tenestene innanfor dette segmentet for at vi skal utvikle riktige og berekraftige leveransar for forsvarssektoren, seier Mads Joakimsen, ansvarleg for kontraktsporteføljen på rådgivingstenester i Forsvarsbygg.

Tilpassa leverandørstrategi

Som den største eigedomsaktøren i landet har Forsvarsbygg ei stor prosjektbreidde og avtalen kan femne breitt med arbeidsoppgåver.

- Storleiken og kompleksiteten i prosjekta som skal løysast har kravd ei endring og tilpasning i leverandørstrategien, der fleire avtalar er samla til ein, forklarer Joakimsen. 

Oppgåver fordelt over heile landet

- Rammeavtalen sikrar at Forsvarsbygg får tilgang på eksternt kompetanse frå eit breitt og erfarent team til å dekke dei 24 rollene til anbodet innan fagområdet rådgivande ingeniør miljø, fortsetter prosjektleder Vegard Løkstad.

- Innanfor avtaleperioden vil det vere mellom anna behov for bistand til miljøtekniske grunnundersøkingar, risikovurderingar og tiltaksplanar, kartlegging av avfall frå bygg, utarbeiding av den faglege delen av konkurransegrunnlaget med ansvarleg søkefunksjon og SHA-planer.  Det skal òg gjennomførast ulike miljø oppdrag med mellom anna PFAS, skyte- og øvingsfelt, fjellanlegg, radiolinjestasjonar, kartlegging og fjerning av deponi og avfallsfyllingar, forklarer Løkstad vidare.

Høgast kompetansescore

I anbodet oppnådde Multiconsult høgast score av alle på tildelingskriteriet kvalitet som bestod av relevant kompetanse og erfaring for tilbode nøkkelpersonell fordelt på dei tre kompetanseområda i anbodet. Tildelinga vart fordelt på 40 % pris og 60 % kvalitet og samla kom Multiconsult best ut.

- Vi har òg tidlegare hatt rammeavtalar med Multiconsult innanfor dette tenesteområdet og vi ser fram til å jobbe vidare saman for å kvalitetssikre og utvikle leveransane våre innanfor dette store området, avsluttar Joakimsen i Forsvarsbygg.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.