Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Taxebanane på Ørland flystasjon får ny superasfalt

Når Ørland flystasjon – Noregs nye base for F-35 – får ny asfalt er det berre materiale av høgste kvalitet som er godt nok. Det kan fagingeniør i asfalt, Sara Anastasio, bekrefte.

Ei stort vedlikehaldsarbeid med å leggje ny asfalt på flyoperative flater på Ørland flystasjon har blitt sett i gong. Det omfattande arbeidet skal skje stykkevis over fleire år. No i år blir dei høgst nødvendige flyoperative flatane teke. Det inneber totalt 33.300 kvm med taxebanar, noko som svarar til om lag 4 fotballbanar og 1500 tonn asfalt.  

Asfalt av høgste kvalitet

Kvaliteten på asfalten som blir brukt er svært høg. Det må den vere for å tole dei tunge F-35 kampflyene når dei akselerar, tek av og landar.

- Dette er ikkje den same asfalten som blir lagt på bilvegar. Flyoperative banar må kunne tole mykje meir. Trafikken er ein heilt annan enn på vanlege vegar - kampflyene køyrer mykje raskare og dei er tyngre, seier Sara Anastasio.   

Doktorgrad i asfalt 

Sara Anastasio er fagingeniør i asfalt hos Forsvarsbygg og har doktorgrad i veg og samferdsel ved NTNU. Avhandlinga tok for seg asfaltbestandighet og blei finansiert av Avinor og Statens vegvesen.

Anastasio har inngåande kunnskap om asfalt. 

- Asfalt består av steinmateriale og bitumen, som er eit bindemiddel og det siste oljeproduktet som blir teke ut ved oljeraffineringa etter at andre produkt som gass, bensin, diesel, fyringsoljer og så vidare er teke ut.

Riktig materiale er avgjerande

Anastasio fortel at for å få eit godt resultat ved asfaltlegging er det viktig å velje den riktige kombinasjonen av materiale. 

- Val og kombinasjonen er avgjerande. Materiala skal bestå krava som vi har for asfalt på flyoperative flater. Det blir brukt ei steinblanding som entreprenøren vel ut, i tillegg til ein type polimermodifisert bitumen, for å auka eigenskapane til materiala ved både høge og låge temperaturar.   

Fagingeniøren fortel at asfalten som no blir brukt er ein type lågtemperaturasfalt.

- Denne asfalten er meir miljøvenleg, fordi det trengst mindre energi for å produsere han. I tillegg er asfalten mindre helseskadeleg for asfaltarbeidarane, seier ho.

Strenge reglar

Det er strenge reglar for korleis flyoperative flater skal asfalterast. Lause partiklar eller ujamnheitar kan få store konsekvensar. Det skal ikkje liggje noko vatn på overflata og den skal reingjerast, bli børsta eller brøyta fleire gonger kvar dag. 

- Derfor er det òg strengt med kontroll undervegs og etter asfalteringa, fortel Anastasio. 

Vedlikehaldsarbeidet fortset til neste år 

Vår oppgåve er å forvalte og utvikle Forsvarets eigedom, bygg og anlegg (EBA) slik at Forsvaret kan utføre operasjonane sine på best mogleg måte. Vedlikehald av taxebanane på Ørland flystasjon er viktig for at Luftforsvaret skal kunne ha trygge operasjonar med F-35.

Årets vedlikehaldsprosjekt på 33.300 kvm har ein total kostnad på 5,5 millionar kroner. Neste år er det nye 30.000 kvm som står for tur.


Foto

Forsvarsbygg sin asfaltekspert: - For å få eit godt resultat ved asfaltlegging er det viktig å velje den riktige kombinasjonen av materiale, seier fagingeniør Sara Anastasio.

Tre nye F-35 landa på Ørland flystasjon den 12. september. Flystasjonen er fullt operativ under asfaltarbeida, men ved hjelp av god koordinering og bruk av alternative ruter er det ikkje ofte at operasjonane vert vesentleg hindra.

33.300 kvm ny asfalt: - I år er det taxebane R3, C10 og A4, i tillegg til oppstillingsplassar som blir teke, fortel prosjektleiar Marius Mostad. Her ute på synfaring med fagingeniør Sara Anastasio. 

Veidekke er entreprenør og arbeidet består i fresing i eksisterande dekke, reingjering, fjerning og miljøhandtering av fugemassar, før det blir lagt nytt varmprodusert asfaltdekke. Overgangar blir fuga, banelys blir demontert og remontert, før banane til slutt blir merkte.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.