Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Ny bydel med verna hus reiser seg på Brekstad

Skipinga av Luftforsvarets hovudbase på Ørland har ført til auka flystøy. Som følgje av det har Forsvarsbygg innløyst 176 bustadar. Nokre av bustadane skal bli Brekstads nye bydel.

I 2015 vart det utarbeida ein verneplan for støysona, for å hindre eit stort tap av bygningsarv. Tre regionale kulturmiljø og fleire einskilde hus og gardstun vart verna i kommuneplanas arealdel 2014-26. Om lag 40 verna hus blir no vurdert flytta til Brekstad, der ein skipar eit nytt kulturmiljø og sentrumsnært bustadområde nær sjøen.

Bruk, beste vern
- Aktivt bruk er den beste form for vern. Bygg som ikkje nyttast forfell snøgt. Difor er dette særs velkomen - og ein framifrå måte å halde fram bruken av byggja, i eit område utanfor støysona. Det er eit godt døme på vern i praksis, og noko vi ser fram til skal vokse fram, seier Carl Oscar Pedersen, utbyggingssjef hjå Forsvarsbygg.

Ambisjonen er at dette skal verte eit nytt og triveleg kulturmiljø med grøne fellesareal, med kort veg til skular, helsetenester, butikkar. Idrettsanlegg og andre sentrumsfunksjonar.

Naudsynt med private aktørar
Saman med Ørland kommune har Forsvarsbygg hatt eit nettmøte, der eigedomsutviklarar var invitert. For at prosjektet skal kunne la seg realisere kommersielt er det i røynda to vis ein kan gå fram på:

- Sal til einskilde kjøparar som får kjøpe til avtalt pris. Dei vil då få eit sett med vilkår dei må halde seg til i samband med oppussing og vedlikehald.
- Eigedomsaktørar kjøper fleire eller alle byggja, sett dei i stand og sel dei vidare som ferdige bustader.

Saman med kommunen vil private aktørar vere sentrale i det som kan verte eit prosjekt av nasjonal interesse, der ein syner korleis ein kan praktisere gjenbruk og kulturvern samstundes.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.