Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Haakonsvern: Fornya kai vil kutte CO2-utslepp og auke kaikapasiteten

Torsdag inngjekk vi ein kontrakt om rehabilitering av utrustningskaien på Haakonsvern. Prosjektet vil auke kaikapasiteten og kutte utsleppet med 4000 tonn COårleg. 

Forsvarsbygg signerte torsdag ein kontrakt med Peab Anlegg AS om rehabilitering av den såkalla utrustningskaien på Haakonsvern. Hensikta er å oppgradera kaien for Sjøforsvaret sine fartøy og auke kaikapasiteten.

– Sjøforsvaret er særs nøgd med at utrustningskaia no forsterkast og oppgraderast med nytt landstrømanlegg. Behovet for kaiplass på Haakonsvern har vore aukande både for eigne og allierte fartøy. Dagens moderne fartøy er større og krev meir energi en den fartøystrukturen som Sjøforsvaret hadde då basen blei bygd på 50-talet. Ein oppgradering av utrustningskaia gjer at fleire og støre fartøy kan fortøyast ved kaien, samtidig som vi bidreg til å redusere klimautslepp og støy, seier kommunikasjonssjef i Sjøforsvaret, kommandørkaptein Torill Herland.

Landstraum kuttar CO2-utslepp
Som ein del av prosjektet, skal kaiens landstraumsanlegg frå 1960-talet erstattast med eit nytt anlegg, slik at enda fleire fartøy kan koplast til straum ved kailigge. 

– Det nye prosjektet vil gi kapasitet til å forsyne to større fartøy med straum samtidig. Vår utrekning syner at prosjektet vil gi ein årleg utslippsreduksjon på ca. 40 tonn nitrogenoksider (NOx) og ca. 4000 tonn karbondioksid (CO2) for begge fartøya når dei koplast til landstraum istaden for å gå på fossilt drivstoff frå eigne maskinar, seier prosjektleder i Forsvarsbygg, Anders Sirevaag.

Landstraum på Haakonsvern sidan 1960-talet
Allereie sidan Haakonsvern vart etablert i starten av 1960-åra, har Noreg si flåte vore tilkopla landstraum ved kailigge. Dei seinare åra har Forsvarsbygg fornya og utvida kapasiteten hjå fleire av anlegga for å tilpasse dei for dei nye fartøya til Sjøforsvaret.
– Med dei gode erfaringane vi har hatt med dei nye anlegga, er det sjølvsagt at vi også bygger landstraumsanlegg når vi startar arbeida med å rehabilitere utrustningskaien. Kaien ligg i kort avstand frå sivile naboar og det er difor ekstra viktig at omgjevnadane skånast for støy og forureining, seier Sirevaag. 

Lengre levetid for motorane i fartøya
I tillegg til miljøgevinstane, sparar Sjøforsvaret store pengesummar på landstraumsanlegga i forhold til drivstoffsutgifter, vedlikehald og drift. Motorane i fartøya får også lengre levetid når man slepp å la fartøya gå for eiga maskin for å laga straum. 

Byggjestart i slutten av 2020
Kontrakten, som har en verdi på cirka 120 millionar kroner, omfattar rehabilitering av kai, oppgradering av omformarstasjon og teknisk infrastruktur til kaia. Byggjearbeida vil ta til i slutten av 2020. Etter planen skal kaia kunne takast i bruk sommaren 2022.

 

 

 

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.