Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Ny rundkøyring på E6 i Målselv

I 2018 er det planlagt å stå ferdig ei ny firearma rundkøyring på E6 i Heggelia, Målselv kommune. 

Forsvarsbygg har fått i oppdrag frå Forsvarsdepartementet å byggje ei rundkøyring på E6.  Etter utviklinga av Bardufoss leir har trafikken frå Forsvaret i Kapellkrysset auka betrakteleg inn og ut av området. Utbygginga vil skje i samarbeid med Statens Vegvesen, som også skal dekkje 40% av byggjekostnadene, samt ivareta drift og vedlikehald når rundkøyringa står ferdig.

Skildring
I oppdraget står det at rundkøyringa skal bestå av fire vegarmar, omlegging av gang- og sykkelvegar knytte til ny rundkøyring, omlegging av Kapellvegen for påkopling til ny rundkøyring og etablering av miljøgate på E6 med to opphøgde gangfelt på E6 og busslommer. I tillegg gjennomførast tiltak knytte til omlegging av kommunal vassleidning og eksisterande høgspentkabel.

Trafikktryggleik
- Dette vil auke trafikktryggleiken inn og ut av leirområdet når rundkøyringa står ferdig. Noko av bygginga kan vi starte opp med i inneverande år, men sjølve  rundkøyringa vil vi starte på våren 2018,  for å unngå at delar av arbeidet stoppar opp i vintermånadene. I anleggsperioden må ein rekne med omlegging av trafikken langs E6, og rundt bedrifter i området, som for eksempel Circle K-stasjonen og Spar-butikken, seier prosjektleiar Kjetil Blix Strokkenes i Forsvarsbygg.

Prosjektet vil bli lagt ut på anbod i løpet av sommaren.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.