Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Heistadmoen

Den siste delen av Heistadmoen leir i Kongsberg kommune er nå selde til Eiker Eiendomsutvikling. Området omfattar fleire tidlegare militære bygg.

- Vi har jobba mykje med tilrettelegging av denne tomta og det har vore ein del utfordringar knytta til infrastrukturen i leiren, seier prosjektleiar Trond Nordby i Skifte Eigedom.

Han fortel at dei blant anna måtte etablere ein ny trafo og eit nytt strømfordelingsnett for dei sivile delane av leiren.

- Det er no eit eige sivilt strømforsyningsnett, opplysar Nordby.

Den tidlegare leiren er nå delt inn i fem delar, der fire no er nytta av sivile. Hovuddelen er framleis er nytta av Forsvaret.

Trening og svømming

Eiker Eiendomsutvikling har kjøpt tomta for 3,5 millioner kroner. Totalt har dei fått 6206 kvadratmeter bygningsmasse.

- Dette er ein spennande eigedom. Tomta innheld to forlegningsbrakkar, gymsal, basseng og kontor. VI gleder oss til å komme i gang og er i dialog med kommunen om etablering av eit aktivitetssenter, seier André Aslaksen i Eiker Eiendomsutviking.

Planen er å leie ut basseng og gymsal for kommunal bruk og at det kan opnast for alle.

Millionar tilbake til forsvarssektoren

Det var i 2005 at det vart beslutta å avhende delar av Heistadmoen leir og Skifte Eigedom har selde unna fleire eigedomar i og kring leiren. Totalt har salget av overflødig eigedom gitt forsvarssektoren salgsinntekter på nærare 80 millionar kroner. Dette omfattar 37 boligar knytta til leiren. Totalt er nærare 30 000 kvadratmeter bygningsmasse avhenda som følgje av avhendinga i og kring Heistadmoen.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.