Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Opprydding avslutta på Brettingen

Forsvarsbygg Skifte Eigedom har nyleg avslutta arbeidet med å sikre og rydde området rundt Brettingen Fort i Rissa kommune. Sjølve avslutninga fant sted i dag.

- Vi har fjerna, rydda og sikra 93 objekter over heile området. Dette omfattar alt frå bunkere, depot og løpestillingar til fjellanlegg og større dekningsrom, seier prosjektleiar Jan Enger i Skifte Eigedom.

Alle objekta er bygga i perioden 1898 – 1982.

Brettingen Fort ligg flott til ved Trondheimsfjorden. Skifte Eigedom har delt området inn i fire ulike tomter, der tre er regulert for friluftsområde og ei for hytte og fritidsboliger.

Stengt og støypt att

- Vi har sikra kanonstillingar og tetta fleire andre plassar der det var risiko for farlige fall. I tillegg har vi fjerna ei lynavlederstolpe og tatt vekk masse skrot og jern som stakk opp av jorda, fortel Enger.

Bygginga av Brettingen Fort vart starta I 1987 og var saman med Hysnes Fort og Hambåra Fort ein del av Agdenes festninger.

Verneinteresse

Det har vore stor verneinteresse for området som militærhistorisk landskap.  

- Vi har samarbeida med Forsvarsbygg Nasjonale Festninsgverk og områder har vore rydda og sikra etter prinsippa i tråd med retningslinjer for militærhistorisk landskap, seier Enger.

Brettingen Fort vart overteke av tyskarane under okkupasjonen av Noreg mellom 1940-1945. I løpet av denne perioden var fortet ytterlegare forsterka. Etter krigen overtok Kystartilleriet og det vart utført fleire moderniseringar. Fortet var ein del av Kystartilleriet inntil det vart lagt ned i 1998.

 

 

 

 

 

 

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.