Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

350 lastebillass med forureina masse fjerna frå Bømoen

Arbeidet med å rydde og miljøsanere Bømoen leir på Voss er nå avslutta. Totalt vart det køyrd vekk omlag 350 lastebillass med forureina masse.

-Vi har fjerna nærare 9200 tonn med forureina masse frå 300meterbanen, området kring skytebana og korthaldbana, fortel prosjektleiar Harry Hellebust i Skifte Eigedom.

Massane er nå køyrd til godkjend deponi og området tilfredsstiller krava i godkjenninga frå Klima- og Forureiningsdirektoratet (Klif).

Granatar og skrot

I tillegg til at det har vore fjerna forureina masse, har området også fått et kraftig opprydjing.

- Vi har fjerna 114 tonn stål frå avfallsfyllinga. I tillegg til dette kjem 75 tonn blanda avfall eller skrot, seier Hellebust.

Han fortel at det også har vore fjerna granatar i ormådet.

-Vi har fjerna 4-5 pallar med granatar, men dette har vore øvingsgranatar utan sprengstoff. Desse er ikkje farlege, seier han.

Attvinning

Nærare 500 tonn med røter og kvistar er også fjerna frå området.

Desse er køyrd til eit lokat attvinningsanlegg, seier Hellebust og rosar entreprenøren som har vore nytta for godt arbeid.

-Vi er svært godt nøgde med Norsk Sanering Service AS som vi har nytta til arbeidet på Bømoen, seier han.

Delar av Bømoenløypa har vore stengd under rydjinga, men denne er nå opna att og det er fullt mogleg å gå heile runda.

Skifte Eigedom har sidan 2001 nytta 2,2 milliardar kronar til å miljøsanere og leggje til rette for god sivil etterbruk av tidlegare forsvarseigedom.

Kontaktperson

Harry Hellebust

Prosjektleiar miljø

Image "harry-hellebust-1.jpg" without description

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.