Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Rydda og sikra nedlagd forsvarseigedom for 205 millionar kroner

Skifte eiendom har rydda, sikra og miljøsanert eigedom for 205 millionar kroner i 2012. Dette er eigedom som tidlegare har vore eigd av Forsvaret og som nå skal føyrast tilbake til det sivile samfunnet.

- Desse eigedomane omfattar alt frå populære naturområder til skytefelt og øvringsområder, seier direktør Marit Jacobsen Leganger i Skifte eiendom.

Nokre av dei største rive-og ryddeprosjekta som Skifte eiendom har jobba med i 2012 er miljørydding av den tidlegare marinebasen Olavsvern i Troms og ryddinga av dem gamle militærleiren Bømoen på Voss.

- Ein stor del av avhendinga vi gjer er å rydde og fjerne miljøskadeleg avfall på områder som tidlegare har vore nytta av Forsvaret. Det er vår jobb å leggje til rette for sivil etterbuk av desse eigedomane, seier Leganger.

Høgste salsinntekt sidan 2007

Avhending i form av sal har gjeve Skifte eiendom dei høgste inntekta sidan 2007. Sal av tidlegare forsvarseigedom gav 455 millionar kroner i inntekt i 2012, noko som er det høgaste sidan 2007. Totalt omsatte Skifte eiendom for 517 millionar kroner i 2012. Av desse vart  154 millionar kroner føyrt tilbake til forsvarsbudsjettet for netto overskot frå virksomheita.

- Sal av eigedom har gjeve Forsvaret ei ekstra inntekt på 2,8 milliardar kroner sidan 2001. Dette er ei viktig inntekt for sektoren, men bortfallet av forpliktelsar har nok større økonomisk effekt, seier Leganger.

Forsvaret si husleige i 2013 ville vore omlag 1 milliard kroner høgare utan den avhendiga som har funne stad dei siste 11 åra.

143 000 kvadratmeter seld eller reve

143 000 kvadratmeter bygningsmasse har vore avhenda eller føyrt ut av sektoren i løpet av 2012. Totalt har Skifte eiendom avhenda 2,6 millionar kvadratmeter sidan starten i 2001.

- Det er ikkje like høgt tempo på utrangeringa i Forsvaret no som det var tidlegare og vi ser at miljørydding og sikring utgjer ein stadig større del av avhendinga, seier Leganger.

I dag er det mange av eigedomane som har behov for riving, sikring eller miljørydding.

Oppdrag utanfor forsvarssektoren

Skifte eiendom har dei siste åra  bydd fram si kompetanse og sine tjenester til andre offentlege eigedomsinnehavarar. I dag løyser Skifte eiendom oppdrag innan sal, riving, sikring og miljøsanering for til dømes Direktoratet for samfunnssikerhet og beredskap og for Helse Sør-Øst.

- Vi veit at Forsvaret om nokre år vil utrangere store og komplekse eigedomar, og sektoren har difor behov for eit sterkt avhendingsmiljø. Sal av tjenestar til andre offentlege eigesomsinnehavrar sikrer sektoren ei kompetanse for framtida, samtidig som det er effektiv oppgaveløysing for det offentlege, seier Leganger.

Nøkkeltall for 2012:

- Nytta 205 millionar kroner på å rive, rydde og miljøsanere tidlegare forsvarseigedom

- Omsette for 517 millionar kroner

- 154 millionar kroner føyrt tilbake til forsvarsbudsjettet

- 143 000 kvadratmeter avhenda

 

Nokre av dei største rive- og ryddeprosjekta i 2012:

-Bømoen: Tidlegare militærleir i Voss kommune i Hordaland. 9200 forureina mase fjerna frå skytebane og fylling.

-Olavsvern: Rydding og rensing av sjøbotten utanfor den tidlegare marinebasen Olavsvern  i Troms. 145 tonn forureina masse fjerna.

-Steinkjersannan skyte- og øvingsfelt: Rydda og fjerna masse frå eit 663 stort område.

 

Største sal i 2012:

-Kjeller gård: Selde for 31 millionar kroner

- Brettingen fort i Rissa kommune: Friluftsområde selde for 2,5 millionar kroner.

- Skjervengan leir i Nordland: Selde for 15, 5 millionar kroner

- Baneheia i Kristiansand: Selde for 8 millionar kroner

 

 

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.