Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Rydjing av Bømoen startar måndag

Det siste rydjearbeidet ved tidlegare Bømoen skyte- og øvingsfelt, Øvre Skjerve, startar måndag 23. juni.

Etter planen blir rydjearbeida gjort både i veke 26 og 27.

Rydjeområdet ligg bak skyteanlegget ved Skjerve, i nærleiken av Sledasteinen.

– Etter rydjinga vil alle tiltaka ved tidlegare Bømoen skytefelt vere ferdige, fortel prosjektleiar Pål Skovli Henriksen i Forsvarsbygg Skifte eigedom.

Skytefelthund
Rydjearbeidet er eit samarbeid mellom Forsvarets hundeskole og Forsvarsbygg, og det blir mellom anna gjennomført søk med skytefelthund etter mogleg ammunisjon som ligg att.

Av tryggleiksomsyn, samt at både hundar og personell treng arbeidsro, blir tiltaksområdet stengt alle vekedagar i tidsrommet 07.30-20.00. Normalt blir det ope for fri ferdsel fredagar etter kl. 16.00 og alle helger i perioden.

Dei ferdselsårene som er stengde, blir skilta. Forsvarsbygg Skifte eigedom bed om at ferdselsforbodet blir overhalde. 

Arbeida blir gjort av Forsvarsbygg Skifte eigedom som rydjer, miljøsanerer og avhender eigedomen på vegner av Staten.

Kontaktperson:
Pål Skovli Henriksen
Mobil 928 23 292
pal.henriksen@skifte.no

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.