Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Nærøysund fyrstasjon har fått ny eigar

Vikna kommune nytta sin forkjøpsrett for å sikra framtidig ny bruk av den unike eigedommen som er plassert rett ved skipsleia.

Fyret, som ligg i Vikna kommune i Trøndelag fylke, blei kjøpt på forkjøpsrett av kommunen - til takst på 4 millionar kroner. Rådmann Roy Harald Ottesen var sjølv til stades då nøklene blei overrekt på fyrstasjonen, onsdag 2. oktober. 

Salet omfattar sjølve fyrstasjonen, som har fungert som ei forlegning, og bygga rundt - ei tidlegare mannskapsmesse og eit kaianlegg med naust. 

Forsvaret flytta ut

Fyrstasjonen blei frå 1984 til 2008 brukt av Sjøheimevernet som base for å følgja med på aktivitet ved kysten. I ein periode fram til hausten 2018 blei fyret leidd ut til Nærøysund Fyrs vener, men då Forsvaret ikkje lengre trong eigedommen, la vi han ut for sal.

Unik plassering

Fyret har ei unik plassering ved sjøen, med stor skipstrafikk i sundet. Mellom anna går Hurtigruta dagleg forbi. Naturområda rundt innbyr dessutan til eit aktivt friluftsliv.

Rådmann Roy Harald Ottesen fortel at det har vore stor interesse rundt fyrstasjonen og at det ikkje har vore mangel på innspel. Forsvarsbygg fekk òg mange førespurnadar om fyret då det blei kjend at det skulle bli avhenda.

Mange moglegheiter for etterbruk

Bygga inneheld fleire rom og etasjar så potensiala for bruk er mange. Tomta, som er på totalt 14.606 kvadratmeter, har òg mange moglegheiter ved seg, med mellom anna parkeringsplass, vegar og naturtomt - med ei fantastisk utsikt og nærleik til havet.

I hendene til kommunen

Kommunen skal no setja ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på potensiala for staden, som er eit populært turmål.

- No er området i hendene våre, og det var det viktigaste å få til. Så kan vi sjå på kva området kan gi av moglegheiter for lokalbefolkninga og tilreisande, seier Ottesen.

Forsvarsbygg vil følgja spent med.

- Det blir spennande å sjå eigedommens «reise» framover. Vi har stor tru på at ny eigar får til ein god etterbruk av denne flotte, unike eigedommen, seier prosjektleiar Randi K. S. Gotliebsen.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.