Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Forsvarsbygg vann Forsvarsdepartementets miljøvernpris 2006

Forsvarsbygg vann prisen for arbeidet med oppfølginga av forsvarssektorens ansvar for biologisk mangfald. Prisen blei overrekt av forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen i Rena leir i dag.

Det var faggruppe Naturforvaltning i Forsvarsbygg som vann prisen for prosjektet ”Oppfølging av Forsvarets handlingsplan for biologisk mangfald”. Faggruppa er leia av Bjørn Arne Rukke, som også er prosjektleiar for biomangfaldprosjektet.

- Dette er eit imponerande og viktig arbeid som er utført. Vi ønskjer å skape positive haldningar til miljø i Forsvaret, og vi deler ut prisen for å berømme menneska og fagmiljøa som står bak, sa forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Image "10947_1.jpg" without description

Bildetekst: Leiar av kompetansesenter Miljø i Forsvarsbygg Rådgivning, Gregers Kure mottok prisen fra statsråd Anne-Grete Strøm-Erichsen

Kartlegging
Prosjektet følgjer opp forsvarssektorens ansvar for å sikre at grunnlaget for det biologiske mangfaldet blir tatt vare på der Forsvaret har aktivitet. Nær 100 av Forsvarets skyte- og øvingsfelt, flystasjonar, marinebasar, nasjonale festningsverk og nærøvingsområder er blitt kartlagt, og rapportane gir råd om korleis Forsvaret bør forvalte dei kartlagde lokalitetane for å ta vare på naturverdiane.

Positiv omdømme
Juryen meiner at prosjektet har ein stor, positiv omdømmeeffekt for Forsvaret si forvaltning av det ytre miljøet.

- Det er stor merksemd rundt bruken av tungmetaller og ammunisjon som inneheld kvitt fosfor i Forsvaret. I den samanhengen er det viktig å trekke fram at Forsvaret også nyttar betydelige ressursar for å ta vare på naturverdiane som forvaltast, står det i innstillinga til juryen.

Overvakningssystem
Prosjektet har óg utviklet eit eige overvakningssystem for biologisk mangfald, ”Forsvarets oppsynssystem for biologisk mangfald”. Systemet syter for arealmessig overvakning av viktige områder gjennom at personar med lokal tilknytning til dei respektive felt registrerer fysiske skadar i naturen.

- Resultata frå overvakninga vil gje nøkkeltal for miljøoppnåing innan biologisk mangfold. Prosjektet har i gjennomføringsfasen medverka til å auke interessa for naturmiljøet og skapar positive haldningar lokalt, står det i juryens innstilling.

- Vi er ekstremt stolte. Dette er ei viktig anerkjenning for arbeidet vårt. Det er ekstra hyggjeleg at årets pris går til eit prosjekt som er proaktivt i den forstand at det kan forhindre eller redusere uheldig miljøpåverking. At kartlegginga no er avslutta, er ein viktig milepel. Det er i det vidare arbeidet med implementering av kunnskapsbasert forvaltning av biologisk mangfald at dei verkelege miljøgevinstane kan bli realisert, seier Gregers Kure, leiar av kompetansesenter Miljø i Forsvarsbygg Rådgivning.

Les meir på Forsvarsdepartementet sine nettsider

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.