Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Full satsing på energileiing i Forsvaret

Energileiing er på full fart inn i Forsvaret. Energileiingsprosjektet som er i startfasa skal halde fram til 2010 og leiast av Forsvarsbygg Utleie. – Dette er ein milepel for Forsvaret. FMO får lågare kostnadar på grunn av dette prosjektet, seier direktør for Eigedomstenester i Forsvarsbygg Utleie Åke Appelqvist.

Prosjektet skal gjennomførast saman med Forsvaret og Enova. Forsvarssjefen investerer 125 millionar kroner i prosjektet, mens Enova støttar prosjektet med 35 millionar kroner.

- Dette blir eit spennande og utfordrande prosjekt som vil gje ein netto reduksjon på over ein periode på ti år på i alle fall 410 millionar kroner, seier prosjektansvarleg i Eigedomstenester i Forsvarsbygg Utleie Gunnar B. Solbjørg.

Kva er så energileiing?
Energileiing må sjåast på som eit leiingsverktøy på lik line med økonomistyring, produksjonsstyring og personalleiing. Energileiing er den del av ein verksemd sine leiingsoppgåver som aktivt styrar energibruken for å sjå til at energien nyttas mest mogleg effektivt.

For å forklare korleis energileiinga gjerast fortel Solbjørg om dei fire begrepa; SJÅ, TENKJE, AVGJERE og HANDLE.

- Først ser vi på og kartlegg statusen i dag på våre tekniske anlegg. Ut frå denne kartlegginga må ein tenkje og komme fram til kva ein ønskjer å oppnå med energileiinga. Ein må definere energipolitikk og -mål, seier han.

Deretter må leiinga avgjere rutinar og handlingsplanar, samtidig som finansieringa av prosjekta må på plass.

- Til slutt må ein handle. Det vil seie å sette planane ut i livet. Energileiingssystemet må integreras i heile organisasjonen, og ansvarsoppgåvene må fordelast og nøkkelpersonar skolerast, seier Solbjørg.

Kva vil vi oppnå?
Kva er det Forsvarsbygg ønskjer å oppnå med energileiinga kan ein spørje seg.

- For det første ønskjer vi å påverke åtferda til medarbeidarane våre i Forsvarsbygg og til brukarane våre i Forsvaret. For å få dette til må vi få ut god og riktig informasjon om våre mål og tiltak. Vidare skal vi fremje ei betre utnytting av ressursane. Dette vil føre til økonomiske reduksjonar for kundane våre i form av lågare kostnadar til drift av EBA. I tillegg ønskjer vi å bygge opp system som aktivt styrer og sikrar høg effektivitet, avsluttar Gunnar B. Solbjørg.

 

Tekst: Helge Andersen
Illustrasjonsfoto: Jon Kåre Larsen

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.