Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Historisk avtale med reindrifta inngått

Forsvarsbygg og Reinbeitedistrikt 14A er no blitt samde om korleis Forsvaret skal gjere bruk av Porsangmoen og Halkavarre skyte- og øvingsfelt. Avtala blei underskriven tirsdag 28. november etter at Forsvarsbygg hadde forhandla han fram på vegne av Forsvarsdepartementet.

– Dette er ein milepæl for Forsvarsbygg, Forsvaret og reinbeitedistriktet. Endeleg er vi i mål, seier leiar for forhandlingsutvalet til Forsvaret, Per Siem frå Forsvarsbygg.

På ein pressekonferanse som fann sted i Karasjok torsdag 30. november berømma politisk rådgjevar Ragnhild Mathisen frå Forsvarsdepartementet Forsvarsbygg, Forsvaret og reindrifta for at partane hadde kome fram til ein god avtale som begge partar kan leve godt med i åra som kjem.

- Avtalen legg opp til eit samarbeid som bygger på gjensidig respekt, informasjon og bistand. Eg håpar og trur at dette samarbeidet skal bli til nytte for begge partar, og også for det lokalsamfunnet som aktivitetane finn stad i, seier Mathisen

Avtale fram til 2016
Etter at dei tidlegare festeavtalane mellom Reinbeitedistrikt 14a og Forsvaret gjekk ut i 1996 blei det starta forhandlingar for å få på plass ei ny avtale mellom partane. Forhandlingane pågjekk fram til 2003. Etter eit brot i forhandlingane blei dei tatt opp att i 2005. Nå 10 år etter er avtalen endeleg på plass. Avtalen gjeld i 20 år regna frå 1996.

I den nye avtala som no er underskriven betalar Forsvaret eit vederlag til Reinbeitedistrikt 14a for meirbelastinga for bruk av areala innanfor Porsangmoen og Halkavarre skyte- og øvingsfelt som eit eingongsbeløp på kr 7.000.000.

I åra framover skal Forsvarsbygg saman med Forsvaret møte reinbeitedistriktet i eit samarbeidsutval fire gonger i året.

- Vi skal møtast for å sørgje for at ein kan halde fram med det gode samarbeidsklimaet mellom partane som vi har i dag, seier marknadssjef Lars Wivesoll i Marknadsområde Finnmark i Forsvarsbygg.

Tekst: Helge Andersen
Foto: Sunniva Tofte, Forsvarsdepartementet

Image "10999_1.jpg" without description

HISTORISK AVTALE: På ein pressekonteranse i Karasjok ble den historiske avtalen presentert. (F.v.) Lars Wivesoll (Forsvarsbygg), Kjell Magne Eira (Reinbeitedistrikt 14a), Ragnhild Mathisen (politisk rådgjevar, FD), Roger Jacobsen (Garnisonen i Porsanger) og Per Siem (Forsvarsbygg).

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.