Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Nytt og moderne på flystasjonen

Forsvarsbygg overleverte ein ny mannskapsforlegning og eit nytt kjøken- /messebygg til Andøya flystasjon fredag 28. oktober. Befalet og soldatane på flystasjonen kan no flytte inn i splitter nye lokale. Sortland entreprenør AS hadde totalentreprisen på prosjektet, som har ein verdi på 64 millionar kroner inkl. mva.

- Det er alltid ei glede å overlevere flotte og tilpassa forlegningar og kjøken-/messebygg til Forsvaret. 133 Luftving på Andøya har venta lenge på denne dagen, og no kan Forsvarsbygg overlevere heilt nye lokale til dei som arbeider på flystasjonen, sa Hårek Elvenes, regionsjef i Forsvarsbygg.

EBA-ansvarleg i 133 Luftving, Beate Stellander, sa på vegner av Andøya flystasjon at dei nye bygga vil bli tekne godt vare på, og at dei skal vare lenge. Det har teke nokre år å få realisert eit nytt kjøken- og messebygg på lystasjonen, og no er dagen komen. Det er ei glede å vise dei tilsette rundt i dei flotte lokala.

Ordførar Jonni Solsvik i Andøy kommune la vekt på at Andøya flystasjon er ein viktig arbeidsplass i kommunen. Han var nøgd med at flystasjonen blei oppgradert med nye lokale for både soldatar og befal. Dette er viktig for rekrutteringa til Forsvaret på Andøya, sa han.

Dei nye lokala består av tre bygningar, med messe og kjøken i eitt bygg pluss ein soldatforlegning og eit teknisk bygg. Kjøken/messe-bygget og forlegningen er bundne saman med ein svalgang. Forlegningen har 13 rom med plass til seks soldatar i kvart rom, og alle romma har eige bad med vaskemaskin og tørketrommel.
Det totale bruttoarealet inkludert det tekniske bygget er på 1 809 m2, og kostnadsramma var på vel 64 millionar kroner.
Oppvarming av husa skjer med varmepumper som nyttar jordvarme, og ein gasskjel som skal dekkje energibehovstoppane når det trengst. Bygga er merkte i energiklasse B.

Bilettekst:

Frå opninga: Jonni Solsvik, ordførar i Andøy, John Helge Falch og Marit Heggland frå Sortland Entreprenør AS, Hårek Elvenes, regionsjef i Forsvarsbygg, og Beate Stellander, EBA-ansvarleg i 133 Luftving på Andenes.

Nøgd kjøkensjef: Thore Magnussen, kjøkensjefen på Andøya flystasjon, viser stolt fram heilt nytt utstyr til kjøkenet. Vi har fått det vi ynskte oss, og dette er det beste eg har sett på eit kjøken. Vi gler oss alle til å byrje her.

Energiklasse B og C: Den nye mannskapsforlegningen har fått energiklasse B og det nye kjøken- og messebygget på Andøya flystasjon er klassifisert i energiklasse C etter forskriftene for nye bygg i Forsvarsbygg. Det er installert varmepumper som leverer energi til bygga.

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.