Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Vil bygge nullenergibygg

15. november går fristen ut for å levere tilbod på prosjektering av Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO) sitt nye kontorbygg på Haakonsvern.

– Vi vil utvikle det nye kontorbygget på Haakonsvern til eit nullenergibygg. Vi har ambisjonar om at dette skal bli det mest energieffektive kontorbygget i Forsvaret, seier prosjektleiar i Forsvarsbygg, Lars Clementsen Pedersen.

Forsvaret si sjøretta forsyningsverksemd har halde til i depotbygget på Haakonsvern heilt frå bygget blei ført opp på 60-tallet. FLO er ”navet” i Forsvaret som blant anna står for vedlikehald av fartøya, lagerføring, forsyningar og eigarskapsforvaltning.

Anbefaler riving
Dagens bygning er i svært dårleg forfatning og uegna for vidare utvikling. Forsvarsbygg anbefaler å rive dette bygget, og bygge eit nytt kontorbygg.

– Den gamle bygningen er lite fleksibel og det vil medføre urimelege høye kostnadar ved å tilpasse bygget for framtidas bruk med tanke på fleksibilitet, energibruk og arealbruk, seier Pedersen.

Energiklasse A
Forsvarsdepartementet har gitt Forsvarsbygg oppdraget om å utvikle eit nytt kontorbygg i energiklasse A. Bygget vil bidra til å redusere driftsutgiftene for FLO, særleg på energibruk.

– Før forprosjektet startar i januar 2012, vil Forsvarsbygg greie ut om det er mogeleg å føre opp det nye kontor-bygget som eit nullenergibygg. Kontorbygget kan koplast til eksisterande sjøvarmesentral på Haakonsvern. Sjøvarmen kombinert med solfangarar, og innovative energisystem, gjør at alt ligg til rette for å oppnå eit miljøriktig bygg i særklasse. Dette er ein del av Forsvarsbygg si satsing på å redusere behovet for energi i bygningsmassen, seier Pedersen.

Liten tilleggskostnad
Samstundes som FLO sparar pengar på drift av miljøbygget, er det ein marginal tilleggskostnad å bygge energieffektivt samanlikna med å byggje tradisjonelt. Miljøvennleg byggeri vil kunne løyse ut ein rekkje statlege støtteordningar, blant anna frå Enova og Innovasjon Noreg. Bygget skal også prosjekterast og truleg byggjast ved bruk av buildingSMART.

Arealreduksjon
Medan dagens kontorbygg for FLO er på 3700 kvadratmeter, vil det nye kontorbygget være på omlag 2200 kvadratmeter fordelt over tre etasjar.
– Det vil bli lagt rette for langt meir effektiv arealbruk. Dette vil styrke FLO sin operative evne i meir tidsriktige, effektive og fleksible lokalar, avsluttar Pedersen.

Kontaktpersonar i Forsvarsbygg:
Lars Clementsen Pedersen, prosjektleiar, tlf 99 29 95 92,
e-post: lars.pedersen@forsvarsbygg.no
Bjørn Tore Rognstad, regionsjef, tlf 905 65 354,
e-post: bjorn.tore.rognstad@forsvarsbygg.no

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.