Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Forsvarsbygg gjennomfører miljøtiltak på Rygge flystasjon

Den 19. november sette Forsvarsbygg i gang miljøtiltak på Rygge flystasjon etter at det blei funne små mengder polyfluorbaserte stoff i avrenninga frå brannøvingsfeltet.

Forsvarsbygg har gjennomført ei kartlegging av forureiningssituasjonen på fem brannøvingsfelt i Noreg. På Rygge flystasjon blei det funne små mengder polyfluorbaserte stoff i avrenninga frå feltet. Forsvarsbygg sette i gang miljøtiltaka på Rygge flystasjon den 19. november, og vil følgje opp med nye prøver.

Det er funne små mengder av polyfluorerte stoff, mellom anna PFOS frå brannskum, i Svartbekken. Forsvarsbygg har teke prøver ved drikkevassuttaket i Vansjø på både 5 og 22 meters djupn, men har ikkje funne PFOS eller andre polyfluorerte stoff i vatnet.

Brannskum som inneheld PFOS har vore den største kjelda til PFOS-utslepp. Slikt brannskum har vore forbode i Noreg sidan 2007, og har sidan den gongen heller ikkje vore brukt på Rygge. Det er likevel slik at når grunnen først er forureina med PFOS, vil dette kunne leke ut i omgjevnadane.

– Forsvarsbygg tek det svært alvorleg om berre små mengder forureining lek ut, og vi set difor i gang tiltak for å stoppe det, fortel Frode Hansen, eigedomssjef i Forsvarsbygg.

Det viktigaste tiltaket Forsvarsbygg skal gjennomføre er å reinse drensvatn frå brannøvingsfeltet ved hjelp av filter som inneheld torv og aktivt karbon. Dette vil redusere utlekinga monaleg og sikre at vatnet ikkje inneheld for høge verdiar av PFOS eller andre polyfluorerte stoff. Forsvarsbygg vil følgje opp tiltaka med nye vassprøver.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.