Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Ny direktør i Forsvarsbygg utleige

Torsdag 29. november ble David Halvorsen (35) tilsett som ny direktør i Forsvarsbygg utleige.

Halvorsen er utdanna sivilingeniør frå NTNU si linje for elkraftteknikk (2000). Han har dessutan ein MBA i strategisk leiing frå NHH (2011). Sidan han fullførte fyrstegongstenesta i 2002, har han vore tilsett i nåverande Forsvarsbygg utleige. Fyrst som seniorrådgjevar/NK i marknadsdistrikt øst, deretter som stabssjef og seksjonssjef i utleigetenester. Frå mai i år har Halvorsen leia den samanslåtte eininga for utleige- og eigedomstenester.

David Halvorsen er født og oppvaksen i Fredrikstad og bor framleis i byen. Han er gift og har tre born.

- Eg er veldig glad for at David har takka ja til stillinga. Me oppfattar ham som ein kompetent, resultatorientert og ryddig leiar med stor kapasitet og evne til samarbeid. Han har derfor gode føresetnader for raskt å kunne stå fram som ein ressurssterk og dedikert leiar for Forsvarsbygg utleige, og eg gleder meg til å samarbeida med ham, seier administrerande direktør Frode Sjursen i Forsvarsbygg.

David Halvorsen overtar som direktør i Forsvarsbygg utleige etter Pål Benjaminsen, og tiltrer 1. januar 2013.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.