Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Ny kommunikasjonsdirektør i Forsvarsbygg

Rina Brunsell Harsvik er tilsett som kommunikasjonsdirektør i Forsvarsbygg. Ho kjem frå stillinga som seniorrådgjevar og fagansvarleg for eigedom og destinasjon i Gambit Hill & Knowlton.

Brunsell Harsvik har jobba i Gambit Hill & Knowlton sidan 2007, og har i denne perioden vore leigd ut som kommunikasjonsdirektør for Entra eigedom i to omgangar; i 2011 og frå januar 2012 til dags dato.

Ho er og styreleiar ved Arkitekthøgskulen i Oslo.

Brunsell Harsvik jobba som informasjonssjef i Max Havelaar frå 1997 til 1999, og utover dette har yrkeskarrieren vore prega av ei rekkje politiske verv i Oslo, blant anna som leiar i byutviklingskomiteen i Oslo bystyre frå 1999 til 2006 samt fleire verv i Oslo AP.

Rina Brunsell Harsvik er fødd og oppvaksen i Oslo, og er utdanna cand.mag. i sosiologi og statsvitskap ved UiO. Ho er 43 år gammal, gift, bur på Bjørndal og har tre ungar.

– Med si røynsle innan kommunikasjon i eigedomsbransjen, sitt styreleiarverv ved Arkitekthøgskulen i Oslo og si lokalpolitiske røynsle, har Brunsell Harsvik alle føresetnader for å lukkast som kommunikasjonsdirektør i Forsvarsbygg, seier administrerande direktør Frode Sjursen.

Rina Brunsell Harsvik overtar stillinga som kommunikasjonsdirektør i Forsvarsbygg etter Marit Jakobsen Leganger, som no er direktør i Forsvarsbygg skifte eigedom.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.