Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Værnes hovedgård restaurert

Forsvarsbygg har brukt 9 millionar kroner på utvendig oppussing av ærverdige Værnes hovedgård i Stjørdal.

Då Forsvarsbygg starta den utvendige rehabiliteringa av Værnes hovedgård hausten 2011 hadde bygningen ikkje vore i bruk på cirka 20 år, og den var i svært dårleg stand. Bygget har stor forsvars- og kulturhistorisk verdi, og er òg eit historisk viktig bygg for lokalsamfunnet i Stjørdal. For å hindre at viktige kulturverdiar gjekk tapt, løyvde Forsvarsdepartementet 9 millionar kroner til Forsvarsbygg, til skalsikring og utvendig vedlikehald.

FORSVARS- OG KULTURHISTORISK VIKTIG BYGNING
Forsvaret kjøpte Værnes hovedgård på auksjon i 1887, men historia til garden går heilt attende til 900-talet. På 1800-talet hadde Trøndelagsområdet ei svært sentral forsvarsstrategisk rolle, og kjøpet av Værnes var tufta på eit ynskje om å skape en ekserserplass, altså ein øvingsstad for Forsvaret. Hovudbygningen er ei typisk trønderlån, og er den einaste av dei opphavlege sivile bygningane på garden som står att . Fram til 1992 fungerte bygningen som befalsforlegning, og saman med bygningane rundt dannar den eit klassisk forsvarstun med eit svært godt bevart eksteriør. Hovudgarden blei administrativt freda allereie i 1933, og i 2004 blei bygningen freda etter kulturminnelova saman med dei andre bygga i landsverneplanen for Forsvaret.

UTVENDING REHABILITERING
Dei viktigaste tiltaka som Forsvarsbygg har gjennomført, er oppjekking og delvis fornying av fundamentet. Råteskadar i berande konstruksjonar og i den utvendige kledningen er fjerna, gammal måling er fjerna og ny påført. Skiftertaket er teke ned og lagt på nytt, dei skadde pipene er mura opp igjen og kvelvkjellaren er sikra. I tillegg er alle dører og vindauge restaurerte, og fuktskadde delar av innreiinga, slik som golv i våtrom og golvbelegg, er fjerna.

Det er enno ikkje avklart kva bygningen skal brukast til i framtida. Så langt er det ikkje løyvt pengar til innvendig rehabilitering, fordi ei innvendig rehabilitert krev at ein kjenner det nye bruksføremålet.

Fakta

Oppdragsgjevar: Forsvarsdepartementet
Byggherre: Forsvarsbygg
Eigedomsforvaltar: Forsvarsbygg
Byggherrerepresentant: Steinar Nilsen
Antikvarfagleg rådgjevar: Svein Erik Moe
Byggjeleiar: Prosjektutvikling Midt-Norge
Entreprenør: Bioconsult AS. 

Foto: Tine Poppe

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.