Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Restaurering for 31 millionar kroner: Topp moderne leilegheiter

Fem sentrumsnære firemannsbustader i Bodø blir oppgraderte og totalrenoverte for Forsvaret.

God plass

I Sandhorngata i Bodø held Forsvarsbygg på med å renovere fem firemannsbustader med til saman 20 leilegheiter til topp moderne standard. Dei fleste leilegheitene er på kring 80 kvadratmeter, og har litt ulike romløysingar. Bebuarar har flytta inn i tre bustader, og det står att å gjere ferdig to firemannsbustader. Dei siste leilegheitene skal vere klare til innflytting i løpet av april og mai.

Omfattande

Bustadene var i dårleg stand, og oppdraget som Forsvarsdepartementet gav i 2010 var at dei skulle totalrenoverast. Innvendige veggar, golv og tak i leilegheitene i firemannsbustadene er strippa fullstendig. Leilegheitene har så blitt bygde oppatt med tilnærma opphavleg romløysing og nytt kjøken og bad, elektrisk anlegg, nye sanitærtekniske installasjonar, nytt ventilasjonsanlegg og brannskilje mellom leilegheitene etter dagens krav. Dessutan er lydisoleringa forsterka. Prislappen på prosjektet er kring 31 millionar kroner.

- Leilegheitene er attraktive og eignar seg svært godt for familiar i Forsvaret i Bodø, fortel Per Ivar Nilsen ved bustadkontoret til Bodø Luftstasjon.

Til sommaren skal det leggjast nye vass- og kloakkrøyr inn til bustadene. Dette er samkøyrt med gravearbeidet i samband med at Bodø kommune skal leggje nye røyr i området.

Sentrumsnært

Forsvarsbygg sine bustader ligg i eit attraktivt område nær Bodø sentrum. Ein av dei næraste naboane er Østbyen skule. Det ligg òg ein barnehage i nærleiken, i tillegg til eit av dei største kjøpesentera i Nord-Noreg. Prosjektleiar i Forsvarsbygg, Wiggo Engan, seier at dette restaureringsprosjektet blir ferdig før tida, og ein får mykje bustad for dei investerte pengane.

– I desse 20 leilegheitene er standarden kraftig heva for Forsvaret sine familiar som skal jobbe i Bodø. Dei siste leilegheitene blir innflyttingsklare seks veker før den opphavlege datoen.

Bodøfirmaet Gunvald Johansen Bygg AS er totalentreprenør for restaureringa. Prosjektleiar i firmaet, Bent Charles Hargaut, seier at restaureringa av den første bustaden danna grunnlaget for korleis dei skulle jobbe vidare med dei fire neste firemannsbustadene.

– Dette gjorde jobben meir effektivt, og vi drog røynslene med oss og visste kva vi skulle gjere. Det viste seg at det blei billigare å strippe leilegheitene heilt og byggje dei opp frå grunnen av innvendig i staden for å flikke på tidlegare endringar vi fann i veggar og tak, fortel Hargaut.


Bilettekst:
Forsvarsbygg totalrenoverer fem firemannsbustader innvendig i Sandhorngata i Bodø

Leilegheitene er på kring 80 kvadratmeter, med romslege bad og kjøken, soverom og balkong

 

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.