Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Snart stormsikkert ved Stad

Med femti stormar i året har Forsvaret sitt luftovervakingsanlegg på Vågsøy like sør for Stad det dårlegaste vêret i landet. I sommar skal Forsvarsbygg byggje eit kuleforma tak for å verne radaren mot det stadig meir ekstreme uvêret.

Vi skodar ut over det fagre kystlandskapet frå vindauga i ein Volvo som henta oss på snøggbåtterminalen i Måløy. Sola skin over den glitrande fjorden og dei snøkledde fjelltoppane i horisonten. Ved ei kritkvit strand testar nokre surfarar dei høge bølgjene. Ei sliten slåmaskin som truleg har sett sin siste slått gapar mot oss idet vi passerer enno eit gammalt gardstun. 

– Det er flott her oppe, ikkje sant? Det er kjekt å vere på jobb i slike omgjevnader, seier ein blid prosjektleiar i Forsvarsbygg, Linda Løtvedt Aas. Ho er på veg til Forsvaret sitt radaranlegg på Vågsøy i Nordfjord, med forsvarsbygg.no på slep. Anlegget, som blei bygd på 1980-talet, samlar viktig informasjon om sivile og militære fly i luftrommet over land og hav.

Image "radar-ved-stad.jpg" without description

OVERVAKER: Medan du og eg lever trygge og fredlege liv i eit fritt land, er det folk som held eit ekstra vake auge med kva som hender kring oss. Snart vil radaren på Vågsøy bli enda betre rusta til å overvake luftrommet over oss. Foto: Åsmund V. Sjursen.

Dei siste åra har det hyppige uvêret blitt eit større og større problem for drifta av radaren. Talet på stormdøgn ved Stad er tredobla sidan 1950, og vindrekordane blir stadig meir ekstreme. I dag er ein viktig dag, for Løtvedt Aas skal på vegner av Forsvarsbygg skrive kontrakt med entreprenørane som skal byggje eit kuleforma tak, eller ein radom, som det heiter på ingeniørspråk. Radomen skal verne Forsvaret si antenne mot vêr og vind. Det er ikkje kva som helst oppgåve ho har fått.

Kjempefotball
Tenk deg at du får i oppdrag å lage ein fotball. Så får du beskjed om at den skal vere nesten 20 meter i diameter og skal setjast saman av nokre lette, kvite plastbitar med stort vindfang. Som om ikkje det var nok, skal denne spesielle konstruksjonen setjast opp på den staden som har noregsrekorden i vindstyrke. Dessutan må byggjearbeidet heile tida samordnast med den operative drifta av radaren.

Image "radom-illustrasjon.jpg" without description

SKISSE: Ei fiktiv skisse av korleis ein radom kan sjå ut. Illustrasjon: Tone Ryland.

– Prosjektgruppa i Forsvarsbygg har brukt ein del tid på å finne ut korleis vi skulle byggje radomen. Det er ikkje så ofte det blir bygd så store radomar i Noreg, men vi har hatt god nytte av å undersøkje ein radom av tilsvarande storleik som Forsvarsbygg har i Honningsvåg, seier Løtvedt Aas. Prosjektgruppa har vore oppteken av å førebu leverandørane på det krevjande oppdraget. 

 – Vi har vore nøye med å understreke for dei utanlandske leverandørane vi har hyra inn at været her kan vere svært tøft. Bedriftene må difor leggje inn gode marginar, ha fokus på HMS og følgje med på vêrmeldinga. Dei må òg vere budde på at bygginga heile tida må tilpassast etter den operative aktiviteten til radaren. Vi har eit stort ansvar og eit tøft tidspress på oss. Dei rolege sommardagane må utnyttast for å få jobben gjort, seier Løtvedt Aas.

Asfalten bles vekk
Vel framme ved anlegget får vi ei varm mottaking av det muntre mannskapet som har sitt daglege arbeid her. Medan Løtvedt Aas tek med seg kontraktspartane inn til kontraktsmøtet, får Innsikt ein guida spasertur opp til radaren. Den iskalde vinden riv godt i kjakane. Nokre kilometer unna snurrar 13 gigantiske vindmøller på full guffe.

– De var heldige med vêret i dag. Minus fem grader, strålande sol og berre stiv kuling må vi seie er godkjent, seier Petter Lillestøl, teknikar i Cyberforsvaret.

– Det er litt røffare her når vindmålaren seier takk for seg og asfalten bles av vegen, parerer kollega Leif Johnny Vedvik. Ja, du les rett. Ein desemberdag i 2004 reiv vinden opp fleire kvadratmeter store asfaltflak frå tilførselsvegen og slengde dei ut i grøfta. Under stormen «Dagmar» 1. juledag 2011 måtte vindmålaren gje opp då den nærma seg vindkast på over 65 meter per sekund, som er dobbelt så sterkt som orkan styrke.

Image "asfalt-web.jpg" without description

FJERNA ASFALTEN: På ein desemberdag i 2004 var vinden så sterk at store asfaltflak bles av vegen på Vågsøy. Foto: Leif-Johnny Vedvik.

Suverenitetshevding
– Desse vêrtilhøva har blitt eit aukande problem dei siste åra. Uvêret slit og tærer på radaren, og det fører til fleire driftsstansar og reparasjonar enn vi likar. Dette har ein negativ verknad på beredskapen vår. Vi har venta i fleire år på dette, og er difor veldig glade for at Forsvarsbygg no endeleg er i gang med radomprosjektet ved radaren vår, slik at vi i framtida kan unngå nedetid i samband med uvêr. Radomen vil betre Noreg si evne til å drive nasjonal suverenitetshevding, seier faggruppeleiar Eirik Solbjør i Cyberforsvaret.

– Gler meg
Partane kom ut frå kontraktsmøta eit par timar seinare. Det såg ut til å ha vore gode møte.
– No er alle tre avtalane signerte. Det blir nokre spanande månader framover. Eg gler meg til byggjestart. Dette er noko heilt anna enn å byggje keisame kjøpesenter og bustadblokker slik eg har vore med på tidlegare, seier prosjektleiar Linda Løtvedt Aas.

Image "prosjektgruppen-web.jpg" without description

PROSJEKTGRUPPA: Framme f.v.: Arkitekt i Forsvarsbygg  Marius Botten, teknikar i Cyberforsvaret Asbjørn Nystøl, RIV i Forsvarsbygg Lasse Berge, og byggjeleiar frå XPrO Vidar Hofseth. Bak f.v.: Prosjektleiar i Forsvarsbygg Løtvedt Aas og RIE frå SWECO Terje Thorbjørnsen. Foto: Åsmund V. Sjursen.

Solnedgangsfotografiet øverst i artikkelen er tatt av Leif-Johnny Vedvik.  

Fakta radomprosjektet:
- Tiltakshavar: Forsvarsbygg
- Arkitekt og utformingsrådgjervar: Forsvarsbygg
- Prosjektleiar tidlegfase: Alf Morten Nøstvold
- Prosjektleiar byggjefase: Linda Løtvedt Aas
- Rådgjevande ingeniør elektro: Sweco
- Rådgjevande ingeniør VVS: Forsvarsbygg
- Uavhengig kontroll prosjektering: Norconsult
- Uavhengig kontroll utføring: XPRO AS
- Byggjeleiar: XPRO AS
- Totalentreprise bygg: Måløy Bygg AS
- Generalentreprise tekniske fag: YiT AS
- Radomen blir prosjektert, levert og montert av det amerikanske firmaet L3 Essco
- Byggjestart: april 2013
- Ferdigstilling: høsten 2013
- Brukar: Cyberforsvaret

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.