Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Historisk avtale med grunneigarar - Sikra Forsvaret sine rettar på Setermoen

Forsvarsbygg har på vegner av Forsvaret forhandla fram ein avtale med grunneigarane, som både gjev Forsvaret utvida rettserverv i skyte- og øvingsfeltet, samt ein avtale der partane har blitt samde om utbetaling av erstatning for ervervet.

Grunneigarane får

Det er høgsterettsadvokat Tor N. Rekve som har forhandla fram avtalen med Forsvarsbygg på vegner av grunneigarane. Forsvaret skal betale erstatninga for bruk av grunnen og for reduksjon i bruksverdien innanfor Setermoen skyte- og øvingsfelt. Partane er samde om ei erstatning på kroner 4 730 000,- for rettservervet. Erstatninga representerer fullt og endeleg oppgjer frå Forsvaret si side for samtlege private grunneigedomar innanfor Setermoen skyte- og øvingsfelt, og gjeld for evig tid. Under dette gjeld erstatninga bandlegging av areal, bruksrett til grunn, erstatning for uberettiga bruk av grunn, erstatning for ulempe med tapt jakt- og skogsverdi og framtidige anlegg.

Avtalen regulerer også grunneigars gjenverande rett på eigedomen som mellom anna omhandlar vegrett, jakt, fiske, beiterett, skogsrett, tilgang til ålmenta, sal av jaktkort for å nemne noko.

Forsvaret kan

I avtalen står det mellom anna at Forsvaret med denne avtalen er gjeve stadsevarig bruksrett til grunneigars eigedom innanfor Setermoen skyte- og øvingsfelt til bruk for alle Forsvaret sine aktivitetar, over heile året og med alle former for mannskap, materiell og utstyr som Forsvaret til ei kvar tid etter Forsvaret si vurdering treng. Forsvaret har med denne avtalen erverva rett til framtidig etablering av manøversoner, vegar, parkeringsplassar, standplassar o.l. i den utstrekninga som Forsvaret finn naudsynt. Forsvaret er dessutan gjeve rett til å iverksetje rasførebyggjande tiltak.

Alle nærføringsulemper som følgje av Forsvaret si verksemd i skytefeltet, som til dømes erstatnings-messige konsekvensar av støy, er ikkje ein del av denne avtalen, og blir eventuelt å handsame særskild.

Rådvelde

Grunneigars rådvelde over eigedomen blir dimed utøvd så langt det ikkje er til hinder for Forsvaret si utøving av dei erverva bruksrettane etter denne avtalen. Det same gjeld rettshavarane si eiga utnytting av eigen bruksrett. Grunnen forblir grunneigar sin eigedom. Forsvaret kan avgrense ferdsel innanfor Setermoen skyte- og øvingsfelt innanfor ramma av gjeldande rett, i den grad tryggleiksomsyn gjer dette naudsynt.

Må ta omsyn

Forsvaret kan ikkje bandleggje meir enn maksimalt 50 % av kvar eigedom innanfor feltet. Avtalen regulerer også Forsvaret sin bruk av arealet under elgjakta. Dei 14 første dagane skal det vere heilt verksemdsfritt, samt heilt verksemdsfritt laurdag og søndag ut oktober. Anna øvingsverksemd til Forsvaret feltet før og etter dei første 14 dagane kan dei gjennomføre. I avtalen er det også sett opp regulering i høve til heilagdagar gjennom året.

 

Illustrasjon:
Kartvedlegg Setermoen skyte- og øvingsfelt

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.