Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Historisk tømmerhytte gjeve nytt liv på Jørstadmoen

Ho vart oppført av tyskarane under den andre verdskrigen som ein offisersbustad, og har etter kvart som åra har gått vorte svært nedslite. No er ho fullstendig rehabilitert.

Overtakinga vart nyleg markert på Jørstadmoen leir utanfor Lillehammer.

Forsvaret, representert mellom anna med Plasskommandant oberst Morten Eggen og EBA Koordinator Rune Nilsson i Cyberforsvaret var svært nøgde med korleis den ærverdige hytta no framstår og takka for ein god leveranse.

–Vi er glade for å få ein etterlengta møteromskapasitet utanfor leirområdet i nær tilknyting til den nye fritidsmessa og forlegningane som også nyleg er oppførte i dette området. Dette gjer anlegget komplett, uttalte Nilsson.

Prosjektleiar Ivar Sundet  i Forsvarsbygg fortel:
– Hytta har hatt mange bruksområde opp igjennom åra, mellom anna har ho vore brukt til lager. No har det blitt eit moderne, bruksvenleg bygg.

Bygget er vernet og Sundet trekk difor fram det svært gode samarbeidet og gode råd frå Roberta Havran i Forsvarsbygg nasjonale festningsverk. Mellom anna er fasaden og vindauge tidsriktige, samt at møblementet er gjenbrukt og sett saman for å spegle 60-talet. Det var siste gongen bygget vart restaurert.

– Innvendig stod vi likevel friare, og vi måtte «strippe» hytta heilt ned, isolere veggar, tak og golv. Deretter er det innvendige bygd opp att, inkludert nye himlingar.

I tillegg til møteromsfasilitetar inneheld hytta bad, anretningskjøken og opphaldsrom.

Gruppefoto over: 
Frå venstre: Porteføljeforvaltar Trond Arne Aas (Forsvarsbygg), prosjektleiar Ivar Sundet (Forsvarsbygg), Plasskommandant oberst Morten Eggen, EBA-koordinator Rune Nilsson (Cyberforsvaret), prosjektsjef Anders Martinsen (Forsvarsbygg), Øyvind Andersson (Evensen&Evensen) og EBA koordinator Jan Helge Lindbach (Forsvaret). Alle foto: Atle Maurud. 

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.