Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Inviterer grannane til samråd kring Lerberen

Forsvarsbygg kampflybase inviterer grannane til Lerberen steinbrot til samråd torsdag 4. desember, i samband med utarbeiding av reguleringsplan for Lerberen steinbrot.

I møtet vil Forsvarsbygg gjere greie for status i planarbeidet. Det vil og vere mogleg å stille spørsmål. Møtet vil finne sted på Ørland kulturhus.

Forsvarsbygg kampflybase har tidlegare varsla om igangsetjing av planarbeid for å legge til rette for uttak av steinmassar, i samband med anleggsarbeidet for utvikling av Ørland hovudflystasjon til hovudbase for nye kampfly F-35. Også tidlegare har Forsvarsbygg og Ørland kommune gjennomført møter for å informere grannar og verksemder som grensar til Lerberen steinbrot.

 

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.