Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Oppstart Jarfjord grensestasjon - Grensevakta styrkjast i nord

Grunnsteinen for den andre grensestasjonen for Garnisonen i Sør-Varanger kom symbolsk ned i bakken tysdag 18. november 2014.

- Bygginga av den andre stasjonen til Grensevakta i Sør-Varanger demonstrerer Forsvaret si evne til å tilpasse seg endra rammefaktorar i trugselbiletet, og vil også styrkje infrastrukturen ved Garnisonen, sa stabssjef Arne Opperud i Hærstaben, då han la ned grunnsteinen.

Ny stasjon

Det har ikkje vore ein grensestasjon i Jarfjord tidlegare, og denne stasjonen som Forsvarsbygg skal oppføre, skal komplementere grensestasjonen som står i Pasvik. Bygget i Jarfjord blir nesten ein kopi av Pasvik grensestasjon med nokre tilpassingar. Det skal vere eit kompakt fleirbrukshus forma som ein open firkant og skal huse 92 soldatar og 17 befal. Her skal soldatane arbeide og bu i den tida dei gjer teneste som grensesoldatar. Dei to nye grensestasjonane skal erstatte seks gamle stasjonar, og dei skal dekkje kvar sin del av den norsk-russiske grensa i Finnmark.

Byggjer forsvarsevne

Oppgåva til Forsvarsbygg er å støtte Forsvaret si operative verksemd ved å utvikle og skape funksjonelle, framtidsretta eigedomar, bygg og anlegg.

- Sidan Forsvarsbygg fekk oppdraget frå Forsvarsdepartementet har vi jobba tett og intenst saman med lokal leiing på Høybuktmoen, og sentral leiing i Hæren, for å finne løysingar som støttar verksemda for grensejegerane, sa regionsjef Erik-Anders Helin i Forsvarsbygg.

Jarfjord grensestasjon skal stå ferdig i løpet av første halvår 2016.

Fakta Jarfjord grensestasjon

  • Vedteke i Stortinget 17. juni 2011
  • Kontraktsform: Generalentreprise
  • Kontraktssum: 121 mill kroner
  • Entreprenør: Consto as
  • Areal: ca. 2500 m2 BTA
  • Energiklasse B, og bruk av buildingSMART
  • Det blir bygd som eit ”fleirbrukshus”, med forlegning, lager, depot, treningsrom, operasjonsrom, auditorium, messe og garasjar
  • I tilknyting til grensestasjonen blir det etablert ein frittliggjande kennel for hundeekvipasjane
  • Byggherre: Forsvarsbygg
  • Arkitekt: Arkitektkonkurranse vunne av A-lab frå Oslo i 2010:
    Konseptet «Ein heim for deg - ein heim for oss»

 

Bilettekst:
PÅ PLASS: Grunnsteinen for den andre av to grensestasjonar for Garnisonen i Sør-Varanger vart lagd ned tysdag 18. november. Stabssjef Arne Opperud, brigader i Hærstaben la ned grunnsteinen, under oppsyn av regionssjef Erik-Anders Helin i Forsvarsbygg. (Foto: Tommy Røed, presse og info ved Grensevakta)

Beliggenhet

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.