Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Samrøystes innstilling om nytt skvadronbygg

Innstillinga frå utanriks- og forsvarskomiteen om investeringar i Forsvaret vart handsama i går. Komiteen går samrøystes inn for oppstart av byggeprosjektet for nytt skvadronbygg på Ørland.

- Ein særs viktig milepel i eit viktig nasjonalt prosjekt. Det er sentralt at framdrifta i prosjektet vert halden oppe. Difor er eg glad for at komiteen er samrøystes i si innstilling, seier Olaf Dobloug, direktør i Forsvarsbygg kampflybase.

Komiteen syner til at nytt skvadronbygg er viktig for å realisere skipinga av kampflybasen på Ørlandet og stør etableringa innanfor ei kostnadsramme på 619 millioner kroner. Ein føreset at nye byggeprosjekt for kampflybasen på Ørland vert lagt fram for Stortinget for godkjenning i tråd med etablert praksis. Komiteen har merka seg otta til dei som misser sine eigedomar på grunn av skipinga av kampflybasen. Komiteen er merksemd på at det er særs viktig at Forsvaret har ein god og ryddig prosess med dei det vedkjem direkte.

Statsråd Ine Eriksen Søreide seier seg glad for at komiteen samrøystes sluttar seg til oppstart av byggeprosjektet for nytt skvadronbygg.
- Regjeringa er opptatt av å bidra til god framdrift i utbygginga av den nye flybasen på Ørland samtidig som det leggjast til rette for ei framtidsretta utvikling for lokalsamfunna på Fosen. Dei som vert direkte råka av utbygginga, vil bli godt ivaretatt gjennom ein open og inkluderande prosess. Samtidig må regjeringa sikre at Stortinget sitt vedtak gjennomførast innanfor dei gitte tidsfristane.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.