Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Tilbodskonkurranse om riving og støyisoleringstiltak

Forsvarsbygg har lagt ut konkurranse for prosjektering av støyisolering – og riving av støyutsette bustadar i Ørland kommune på Doffin, kunngjeringsbasen for offentlege innkjøp. Fristen for å levere tilbod er sett til 2. oktober.

Forsvarsbygg har som målsetting å gi bustadeigarane tilbod før nye kampfly kjem til Ørland og starter difor denne konkurransen allereie nå.

- Det endelege omfanget på oppdraget vitast ikkje før reguleringsplana for kampflybasen vert vedteke i haust. Vi lyser ut konkurransen slik at synfaring av de første bustadane kan ta til i 2015, seier Jens Levi Moldstad, plan- og prosjekteringssjef hjå Forsvarsbygg kampflybase.

Oppdraget omfattar også støyisolering av bygg inne på basen, slik som forlegningar, kontorbygg og flytårn. I konkurransen etterspør Forsvarsbygg ikkje berre støyisolering og riving, men og planlegging av miljøsanering. Riving av bustadar skal skje på miljømessig forsvarlig måte og det skal ryddast ordentlig opp. Sanering skal ikkje finne stad ved at bygningsmasse gravast ned i grunnen.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.