Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

- Dei flottaste bustadene i Forsvaret

Luftvingsjef, oberst Stig Jonny Haugen i Sørreisa skrøyt uhemma av den nye befalsforlegninga som Forsvarsbygg har sett opp midt i Sørreisa sentrum.

Den nye befalsforlegninga til Forsvarsbygg vart teken i bruk i februar. Oberst Stig Jonny Haugen understraka under markeringa at dette er ein milepæl for CRC i Sørreisa.

- Medarbeidarana mine og meg sjølv står stolte og skodar over Forsvaret sitt flottaste og mest moderne kvarter, Dette er ein viktig milepæl for CCR i Sørreisa og den oppbygginga og utvidinga av ansvar som vi er i gang med, sa Haugen.

Han la oså vekt på at dette butilbodet er viktig for den vidare rekrutteringa på både kort og lang sikt.

Eigedomssjef i Forsvarsbygg, Arild Øvergaard, kunne fornøgd vise fram dei nye leilegheitene og hyblane som Forsvaret no leiger hjå Forsvarsbygg.

- Desse 46 nye og moderne bueiningane i Sørreisa, viser at Forsvaret er villig til å investere for at personellet deira skal ha gode bu- og arbeidsforhold. Og vi som utleigar skal sjå til at ette fungerer godt, sa Øvergaard.

- Eg er samd i at det var ein genistrek å leggje bustadene i sentrum av Sørreisa, og ikkje opp i Gumpen. Vi håpar at bebuarane vil trivst og ser gjerne at dei deltek i aktivitetane i kommuen, sa rådmann Ann Kristin Trondsen.

Fakta Sørreisa befalsforlegning:

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.