Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Fornying av Jørstadmoen

Forsvarsbygg har oppført eit nytt kontorbygg for Communication and Information Systems Task Group (CIS TG), på Jørstadmoen utanfor Lillehammer.

Det moderne kontorbygget inneheld dessutan eit nytt bortsetjingsarkiv for Forsvarets arkivteneste.

CIS-TG støttar norske styrkar med data- og sambandsløysingar både når dei er heime i Noreg, og når dei deltek i operasjonar utanfor Noregs grenser. Avdelinga er ein del av Cyberforsvaret, og skal kunne etablere, bemanne og drifte transportable IKT-modular og kommandoplassar på kort varsel. Sjef CIS TG, oberstløytnant Tom Christiansen, seier at det nye bygget vil ha mykje å seie for avdelinga si evne til å gjere nettopp dette.

Auka operativ evne
– For CIS TG er det nye bygget viktig fordi det gjev oss ei auka operativ evne. Bygget er skreddarsydd for behova våre, og vi får samla heile avdelinga og fagmiljøet under same tak. Vi er ei avdeling som dagleg handsamar mykje avansert utstyr, og må kunne reagere raskt når det er behov for oss. Med det nye bygget får vi betre IKT-løysingar, kontor med høve for lagring av personleg materiell og utstyr, samt at vi er heilt i nærleiken av materiellparken og garasjeanlegga våre. Dette vil gje positive synergiar både på øving og i operasjonar. Det gjer det rett og slett mogleg å gjere jobben vår meir effekt, seier Christiansen.

Plasskommandanten på Jørstadmoen, oberst Carl Christian Stikbakke, er også strålande nøgd.

– Det er ikkje til å kome forbi at vi på Jørstadmoen framleis slit med mykje gamal bygningsmasse som ikkje er tilpassa behova til mange av dei avdelingane som i dag held til i leiren. Det nye bygget til CIS TG representerer såleis eit kvantesprang i riktig retning, seier han. At vi også kan tenkje kostnadseffektivt og samstundes har fått etablert betre fasilitetar for Arkivtenesta er veldig bra, seier Stikbakke, som framhevar at samarbeidet med Forsvarsbygg undervegs i prosessen har vore avgjerande.

Det nye kontorbygget er dessutan spesielt med at Forsvarsbygg, ved hjelp av datamodellar, såkalla bygningsinformasjonsmodellar (BIM) har teikna og bygd det opp frå grunnen i ein 3D-modell, samkøyrd tekniske løysingar undervegs, og er eit pilotprosjekt for ei heildigitalisert lagring av driftsinformasjon om bygget.

 «Grøn varme»
I tillegg er det no miljøvenleg oppvarming av leiren. Bioenergi vart nyleg kopla på fjernvarmenettet i leiren. Infrastruktur som vatn, kloakk og røyrsystem er også utvida for å leggje til rette for komande planlagde byggjeprosjekt i leiren.

- Kapasiteten på dagens og framtidas leir er såleis auka, vi tilpassar med andre ord trasear og set «fotavtrykk» for framtidige bygg, seier prosjektleiar Ivar Sundet i Forsvarsbygg.

Eigedomssjef i Forsvarsbygg, Ole Anders Spikkerud stemmer i:

- Forsvarsbygg byggjer forsvarsevne kvar dag. Dette anlegget vil vere eit godt bidrag i så måte. Dessutan skal vi drifte og forvalte bygget på ein god måte, slik at Forsvaret kan halde fokus på primærfunksjonen sin og uroe seg minst mogleg for drifta av bygget.

Spikkerud held fram: Ved bruk av bioenergi vil det bli ein årleg reduksjon på cirka 1000 tonn CO2 i høve til fossilt brensle, i dette tilfellet olje. Det er godt nytt i eit tid då fokuset på klimautfordringane er viktig.

Triveleg arbeidsplass
Sundet er glad for at det nye bygget fell i smak hos Forsvaret:

-Bygget inneheld i overkant av 70 kontorarbeidsplassar fordelte på eit areal på 1881 kvadratmeter. I tillegg har arkivet fått plass til ca. 500 hyllemeter. Bygget har også areal for personleg påkleding og utrusting, samt dusj/garderobeanlegg. Dette skal vere ein funksjonell og triveleg arbeidsplass for dei tilsette i Forsvaret, seier han.

Miljøbygg AS har vore hovudentreprenør/byggentreprenør for kontorbygget. Lillehammer Ventilasjon har levert ventilasjonsanlegga, Lillehammer Elektro AS har stått for elektroleveransane og Rør-Service AS har stått for varme og sanitær i bygget.

Det er den lokale entreprenøren Løype Anleggsdrift frå Gausdal som har hatt infrastrukturkontrakten, medan Caverion hadde oppdraget knytt til utfasing av dei gamle fyringssentralane. Oplandske bioenergi AS er vald som leverandør av fjernvarme frå deira bioenergianlegg på Jorekstad.

 

Bilettekst:
Gruppebilete: Frå venste: Eigdomssjef Ole Anders Spikkerud, Prosjektleiar Atle Maurud, Prosjektsjef Anders Martinsen, rådgjevar innreiing Christer Rundberget, fung regionsjef Carl Oscar Pedersen og prosjektleiar Ivar Sundet

«Snorklipp» bilete: Frå venstre: Eigedomssjef Forsvarsbygg Ole Anders Spikkerud, Plasskommandant på Jørstadmoen oberst Carl Christian Stikbakke og prosjektleiar i Forsvarsbygg, Atle Maurud

 

Tekst: Trond Enemo
Foto:   Forsvarsbygg

 

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.